Laboratorium for klinisk biokjemi LKB

Laboratorium for klinisk biokjemi (LKB) er det sentrale medisinske biokjemiske og klinisk farmakologiske laboratorium i Helse Bergen, og eitt av dei største laboratoria i Noreg.

Les meir om Laboratorium for klinisk biokjemi LKB

Laboratorium for klinisk biokjemi LKB

Laboratoriet har meir enn 250 tilsette, for det meste bioingeniørar. Andre faggrupper er legar, helsesekretærar, kjemikarar og molekylærbiologar.

Vi er akkreditert etter ISO-standard 15189 og utfører årleg over 6 millionar analysar både for spesialist- og primærhelsetenesta. Dei aller fleste analyseresultata blir rapporterte ut same dagen som prøven blir teken.

Om Laboratorium for klinisk biokjemi (LKB)

Laboratoriet er eit av dei største sjukehuslaboratoria i landet og har meir enn 250 tilsette, for det meste bioingeniørar. Andre faggrupper er legar, helsesekretærar, kjemikarar og molekylærbiologar.

Legane yter rådgiving til helsepersonell i diagnostikk og behandling av sjukdom. Spesialistar i medisinsk biokjemi har kompetanse om metabolske og biokjemiske forhold, og spesialistar i klinisk farmakologi har kunnskap om effekt og biverknader av lege- og rusmiddel. 

Laboratoriet er delt inn i fjorten seksjonar, og ved delar av laboratoriet er det døgndrift. LKB er akkreditert etter ISO-standard 15189 og utfører årleg over 7,2 millionar analysar både for spesialist- og primærhelsetenesta. Dei aller fleste analyseresultata blir rapporterte ut same dagen som prøven blir teken. 
Vi arbeider for rett bruk av laboratorieanalysar og auka forståing for den kliniske betydinga dei har for sjukdom og behandling, gjennom undervisning og forsking på høgt internasjonalt nivå. 

Vi har laga bestillingsskjema som i aukande grad er baserte på problembasert rekvirering, og legane ved laboratoriet utfører eit omfattande kommenteringsarbeid for å betre tolkinga av analyseresultat. Vi samarbeider tett med dei andre laboratoria i Helse Bergen, og med: 

Noklus (Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomhet utenfor sykehus)

NAPOS (Norsk kompetansesenter for porfyrisykdommer) 

RELIS Vest (Produsentuavhengig legemiddelinformasjon)

Einingar ved Laboratorium for klinisk biokjemi

Analytiske seksjoner
LKB er organisert i seksjoner som utfører analyser innen sitt fagfelt, eller som ivaretar andre funksjoner i laboratoriet (Ikke-analytiske seksjoner). De analytiske seksjonene er:

Seksjon for pasientnær analysering
Seksjonen har ansvar for SR, osmometer og alle blodgassinstrumentene som LKB har driftsansvar for, både på egen avdeling og sengeavdelingene. Alt ansvar for drift og opplæring i alt utstyr som brukes til pasientnær analyse er også lagt til seksjonen, sammen med strimmelanalyser i urin og urin mikroskopi.

Seksjon for automatiserte analyser
Seksjonen utfører flesteparten av avdelingens analyser innen medisinsk biokjemi og et utvalg av klinisk farmakologiske analyser.

Seksjon for hematologi- og koagulasjonsanalyser
Utfører vanlige hematologiske analyser i blod samt koagulasjonsanalyser. Seksjonen har i tillegg ansvar for prøvetaking og analysering av hematologiske analyser på Kreftavdelingens poliklinikk.

Nevro/Revmalab
Utfører klinisk-kjemiske og hematologiske analyser for Nevrologisk- og Revmatologisk avdeling, samt en del spesialanalyser innen nevroimmunologi. Seksjonen har i tillegg ansvar for prøvetaking på avdelingens sengeposter og poliklinikk. .

Seksjon for porfyrianalyser
Utfører diverse spesialanalyser, samt porfyriner og spormetaller..

Seksjon for lege- og rusmiddelanalyser
Utfører kvantitering av legemidler og deres metabolitter i serum og annet biologisk materiale og analyser med relasjon til forgiftningstilstander/-legemiddelmisbruk/narkotika o.l. Rusmiddelanalyser utføres i dag hovedsaklig ved Analytisk enhet for LC-MS/MS metoder.

Seksjon for allergi- og proteinanalyser
Utføres klinisk-kjemiske allergologiske analyser samt kvantitative og kvalitative bestemmelser av spesifikke proteiner og forskjellige former for elektroforese..

Seksjon for molekylærbiologiske analyser
Utfører gentetiske analyser (DNA-analyser) for alfa-talassemi og laktose intoleranse. Seksjonen arbeider også med å etablere andre molekylærbiologiske analyser..

LKB - Kvinneklinikken
Utfører klinisk-kjemiske, hematologiske og koagulasjonsanalyser for Kvinneklinikken og Øyeavdelingen. Laboratoriet utfører sædanalyser og  har i tillegg ansvar for prøvetaking på avdelingens sengeposter og poliklinikk. Laboratoriet har døgndrift..

LKB - Barneklinikken
Utfører klinisk-kjemiske, hematologiske og koagulasjonsanalyser for Barneklinikken. Laboratoriet utfører spesialanalyser innen gastro/enterologi, og har i tillegg ansvar for prøvetaking på avdelingens sengeposter og poliklinikk. Laboratoriet har døgndrift..

LKB - Hagevik
Ufører klinisk-kjemiske, hematologiske og koagulasjonsanalyser for Kysthospitalet i Hagevik (KiH) og har ansvar for all prøvetaking på sengeavdelinger og poliklinikk, KiH. Seksjonen har i tillegg en transfusjonsenhet som er organisert under AIT og som har ansvar for utlevering av blodprodukter på KiH. Laboratoriet er åpent på dagtid og har beredskapsvakt kveld / natt.

Ikke-analytiske seksjoner
Preanalytisk seksjon
Mottak og intern fordeling av prøver, prøvetaking av polikliniske og inneliggende pasienter. Seksjonen administrerer videreforsendelse av prøver. Registrering av rekvisisjoner, utsendelse av svarbrev. Telefonsentral. Poliklinikken er en del av preanalytisk seksjon.

Seksjon for kontroll og utvikling
Seksjonens hovedoppgave er å overvåke laboratoriets analytiske kvalitet og gi faglig bistand ved evaluering av analysemetoder..

IT-gruppen
IT-gruppen har ansvaret for drift av laboratoriesystemet, og brukerstøtte mot primærhelsetjenesten når det gjelder elektroniske meldinger.

Noklus Hordaland
Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser (Noklus) jobbar med kvalitetsforbetring av laboratoriearbeid i primær- og spesialisthelsetenesta. Hovudkontoret ligg i Bergen (Haraldsplass Diakonale sykehus), og laboratoriekonsulentar (bioingeniørar) og legespesialistar er tilknytta 23 ulike sjukehus. I Hordaland er Noklus organisert som ein seksjon under LKB. Noklus har avtale om samarbeid med dei fire regionale helseføretaka. Sjå meir på Noklus si heimeside.  

Samarbeidende organisasjoner 

 

Akkreditering

Laboratorium for klinisk biokjemi er akkreditert av Norsk Akkreditering.
Avdelinga blei første gang akkreditert 23. februar 2009 etter NS-EN ISO 15189: Medisinske laboratorier. Krav til kvalitet og kompetanse av Norsk Akkreditering med registreringsnummer TEST 231
Dette betyr at avdelinga sine tenester og produkt oppfyller definerte krav til kvalitet og at det finst eit system for å overvake og dokumentere at krava blir tilfredsstilte. 

Akkrediteringslogo. Grafikk     

Les meir om analysar og omfanget av akkrediteringa (pdf) English: Read about the accreditation and what it includes (pdf)


Analysemetodane har breie måleområde som skal dekkje forventa kliniske analyseresultat.

Det er her vedlagt ei liste over dei måleområda der vi kjenner den analytiske variasjonen:

Analytisk variasjon (pdf)


Ta kontakt med laboratoriet dersom du ønskjer meir informasjon.  

Medisinsk ansvarlege:
Medisinsk biokjemi: Kristin Moberg Aakre
Klinisk farmakologi: Bettina Riedel
Hormonanalyser: Jørn Sagen

Standarden er spesielt tilpassa medisinske laboratorium og omfattar heile prøveprosessen frå rekvirering, prøvetaking, prøvehandtering, analysering til svarrapportering, rådgiving og tolking.  Det blir også sett spesifikke krav til intern kvalitetskontroll og deltaking i ekstern kvalitetsvurdering.


Søk jobb hos oss

Alle som søkjer jobb i Helse Bergen og Laboratorium for klinisk biokjemi, må registrere CV-en og søknaden sin via nettsidene til Helse Bergen.
Laboratorium for klinisk biokjemi (LKB) er ein arbeidsstad der medarbeidarane trivst godt. Vi arbeider målretta for å halde oppe trivselen. Kvardagane er prega av høgt tempo, og det er nødvendig med godt samarbeid og lagånd.

I staben vår er det folk med ulik fagleg bakgrunn og utdanning. Her er bioingeniørar, helsesekretærar, legar, kjemikarar og molekylærbiologar. Ved laboratoriet legg vi til rette for at dei tilsette skal få utvikle seg både personleg og fagleg.

Dei fleste bioingeniørane, men òg kjemikarane og molekylærbiologane, er involverte i analysearbeid og systematisk kvalitetsarbeid ved dei ti analytiske og to ikkje-analytiske seksjonane. Seksjonsleiarane ved dei enkelte seksjonane samarbeider med lege om å kvalitetssikre og vidareutvikle analysetilbodet og – om nødvendig – om å sørgje for at personalet får fagleg oppdatering.

Avdelinga er godkjend utdanningsinstitusjon for spesialistkandidatar innanfor medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. I medisinsk biokjemi er det for tida tilsett sju overlegar (tre i bistilling) og tre legar i spesialisering. I klinisk farmakologi er det tilsett tre overlegar (éin i bistilling) og tre legar i spesialisering.

Fleire av dei tilsette, spesielt legane og realistane, har forskarkompetanse og deltek aktivt i forskings- og utviklingsarbeidet knytt til satsingsområda våre, som på eit overordna plan er knytte til kvalitetssikring av laboratorieverksemda og rett bruk av laboratorieanalysar i diagnostikk og behandling. Det inneber tiltak for å sikre rett prøvebehandling, forbetre analysemetodar, etablere nye analysar og auke kunnskapen om korleis analyseresultat bør tolkast, og korleis laboratoriet kan bidra til rett tolking av analyseresultat.

Innanfor medisinsk biokjemi har vi igangverande forsking for laboratorieanalysar brukte ved nyresjukdom, hjartesjukdom, jernstoffskiftet, hemokromatose, spormetall, koagulasjon, porfyrisjukdommar, allergisjukdommar og ernæringsstatus under svangerskap, amming og i nyfødtperioden.

Innanfor klinisk farmakologi er forskinga retta mot å utvikle nye legemiddel- og rusmiddelanalysar og forstå korleis desse kan brukast som ledd i individretta terapikontroll og biverknadsdiagnostikk, med fokus på spesielle grupper som kreftpasientar, gravide som nyttar legemiddel, og pasientar som misbruker rusmiddel. Ei anna viktig oppgåve er å studere nytteverdien av kompetanse i klinisk farmakologi for rådgiving av helsepersonell med spørsmål knytte til legemiddelbruk.

Prosjektsamarbeid

LKB bidrar med prøvetaking og analysearbeid for mange medisinske prosjekter.
 
Prosjektansvarlig må sende søknad til LKB i forkant av prosjektet og prosjektet skal godkjennes av avdelingsledelsen på LKB

Retningslinjer: Service til kliniske FoU-prosjekter Søknadsskjema: Prosjektsamarbeid med laboratoriene i Laboratorieklinikken

Forskning

Laboratorium for klinisk biokjemi driv med eiga forskning:

Klinisk farmakologi  Medisinsk biokjemi

I tillegg yter avdelinga service i form av rådgjeving, prøvetaking, prøvehandtering og analysering til ei rekke kliniske prosjekt initiert og styrt av kliniske avdelinger og eksterne institusjoner.

Ved ønske om slik service, send oss ein e-post:  prosjekter.laboratorieklinikken@helse-bergen.no

Forskingsstudier

Westcor-studien

Allergiforskning

Kontakt

Oppmøtestad

2., 7. og 9. etasje i Laboratoriebygget
Laboratoriet på Barne- og ungdomsklinikken

Laboratoriet på Kvinneklinikken

Nevro/Reuma-laboratoriet i Gamle hovudbygg

Poliklinikk for prøvetaking, 2. etasje i Sentralblokka

E-post

Praktiske og administrative spørsmål: lkb@helse-bergen.no

Medisinskfaglege spørsmål:

Klinisk farmakologi: klinisk.farmakologi@helse-bergen.no

Medisinsk biokjemi: medisinsk.biokjemi@helse-bergen.no

Telefon
55 97 31 00

Lab-info frå heile Laboratorieklinikken

Arrangement

Anafylaksiregisterethttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/anafylaksiregisteretAnafylaksiregisteret
Klinisk farmakologihttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/klinisk-farmakologiKlinisk farmakologi
Medisinsk biokjemihttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/medisinsk-biokjemiMedisinsk biokjemi
Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer - NAPOShttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/naposNasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer - NAPOS
Poliklinikk for prøvetakinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/provetaking-poliklinikkPoliklinikk for prøvetaking