Lab-info: Vitamin A og vitamin E i serum

Frå 12.04.2018 tilbyr Hormonlaboratoriet analyse av vitamin A (trans-retinol) og vitamin E (alfa-tokoferol) i serum.

​Vitamin A og vitamin E er fettløyselege stoff som bunden til feitt blir tatt opp i blodet via tarmen og lagra eller handsama i levra.  Vitamin A er viktig for synet, fosterutviklinga, immunsystemet, hud, slimhinner og vekst hos barn og unge. Vitamin E er ein viktig antioksidant.
 
Tran er ei viktig kjelde til vitamin A og vitamin E. Kjelder til vitamin A i kosten er lever, leverpostei, feit fisk, eggeplomme, mjølkeprodukt og mørkegrøne samt gul-raude grønsaker. Vitamin E vil ein finne i planteoljer, kornprodukt, nøtter og avokado. 


Indikasjonar:
Utgreiing av tilstandar med malabsorpsjon. Mistanke om mangel på vitamin A eller vitamin E. Mistanke om forgifting av vitamin A eller vitamin E.


Referanseområde > 18 år:
Vitamin A             1,13-2,72 µmol/L
Vitamin E            12,77-39,47 µmol/L


Tolkingar:
Låge verdiar kan ein sjå ved for lite inntak eller for dårleg opptak (feittmalabsorpsjon), leversjukdomar og inflammasjonstilstandar. Hereditære ataxier er arvelege tilstandar assosiert med vitamin E-mangel.
Høge verdiar kan ein sjå ved langvarig for høgt inntak av vitamin A eller vitamin E. Høge verdiar av vitamin A kan ein sjå ved nyresvikt. Høge verdiar av vitamin E kan vera forbunde med auka blødingsrisiko.
 

Prøvetaking og handsaming av prøvar:
Prøven må bli tatt fastande.
Prøven taks på røyr med gel og må bli sentrifugert innan 2 timar etter prøvetaking.
Serum på gel-røyr og serum skilt frå gel-røyr er haldbar i 7 dagar i kjøleskap (ved 2 - 8 °C).


For meir informasjon sjå www.analyseoversikten.no

Ansvarlig avdeling: Hormonlaboratoriet
Kontaktperson: Åshild Herland, fagbioingeniør (praktisk/teknisk). Avdelingssjef Jørn V. Sagen (medisinsk fagleg)
Telefon: 55 97 43 80 (praktisk/teknisk), 55 97 78 11 (medisinsk fagleg)
E-post: hormonlaboratoriet@helse-bergen.no