Lab-info: Viktig endring i Livmorhalsprogrammet

Frå 3. april 2018 går Hordaland og Rogaland over til HPV-screening for alle kvinner mellom 34- 69 år som deltar i Livmorhalsprogrammet.

I eit pilotprosjekt i fire prøvefylker, har kvinner mellom 34 og 69 år, født på partalsdato, fått tilbod om HPV-test. Internasjonale studiar har vist at HPV-test er ein meir sensitiv metode enn tradisjonell cytologi for å oppdaga alvorlege celleforandringar, og resultat så langt viser at det same er tilfellet i rutinebruk under norske forhold.

Kreftregisteret har følgt den tre-årige implementeringa av HPV-screening tett, og er svært nøgd med jobben som prøvetakar (fastlegar, gynekologar og jordmødre) har gjort saman med laboratoria ved St.Olav, Haukeland og Stavanger Universitetssjukehus.

På grunn av gode resultat frå prosjektet, har Helse- og omsorgsdepartementet bestemt at prøvefylka skal begynne med HPV-test som primærscreening for kvinner mellom 34 og 69 år i 2018. Resten av landet følgjer på frå 2019. Erfaringane viser at det er viktig med ein trygg, gradvis og randomisert innføring av ein ny screeningmetode.

E-læringskurs

Legeforeininga har saman med Kreftregisteret laga eit e-læringskurs som tek for seg dei viktigaste punkta i samband med screening for livmorhalskreft. Kurset gjer poeng og bør bli tatt av alle fastlegar for å sikra god kvalitet på prøvetaking og rett informasjon til kvinnene.

Søk etter kursnr.: 32190 på nettstaden til legeforeninga

Ansvarleg avdeling: Avdeling for patologi
Kontaktperson: Tove Lisæth
Telefon: 55973223
Epost: tove.liseth@helse-bergen.no