Lab-info: Utgreiing av von Willebrand sjukdom

Frå dato 27.06.16 utfører LKB analysering av von Willebrand faktor aktivitet (vWF:Act) i tillegg til von Willebrand faktor antigen (vWF:Ag) og Faktor VIII (FVIII). Dette betyr at alle typar vWS kan detekterast ved LKB. Resultata vil bli vurdert og kommentert av lege før rapportering.

​Von Willebrand sjukdom (vWS) gir symptom i form av hud- og slimhinneblødingar. Meir alvorleg sjukdom der FVIII er redusert, kan gi muskel- og leddblødingar. vWS førekjem både i arveleg og erverva form, begge er forholdsvis sjeldne. Erverva form for vWS skuldast oftast lymfo- eller myeloproliferative tilstandar.

Indikasjon:

Auka blødingstendens av klinisk betydning. Familiær vWS eller uspesifikk auka blødingstendens i familien. Mistanke om erverva vWS.

labinfo Willebrand sjukdom.jpg 

Tolking:

Ved vWS skal vWF:Ag og/eller vWF:Act vere mindre enn 35%. FVIII kan vere redusert (avhengig av nivået av vWF og type vWS). APTT vil kun vere auka dersom FVIII er betydeleg redusert. For detaljert informasjon om tolking og funn ved ulike undergrupper av arveleg von Willebrand sjukdom, sjå www.analyseoversikten.no eller «Interaktor» (for fastlegar med elektronisk rekvirering).

Faktorar som kan påverke nivå av vWF og FVIII:

Blodtype 0 gir lågare nivå enn andre blodtypar. Nivået aukar ved inflammasjon/akutt fase, stress/fysisk aktivitet eller graviditet og dette kan maskere vWS.

Prøvebehandling:

EDTA blod er haldbar inntil 2 døgn i romtemperatur

Citratblod er haldbar 4 timar i romtemperatur for vWF:Ag, vWF:Act og Faktor VIII.
Ved sending må citratblodet sentrifugerast (2500g i 15 min), avpipetterast og sendast frose. Pipetter citratplasma over i minimum 3 plastrøyr a 1 mL. Merk røyra ”citratplasma”.

Citratblod er haldbar inntil 2 døgn i romtemperatur dersom kun «Blødingstendens, utgreiing» blir rekvirert.

Ansvarlig avdeling:

Laboratorium for klinisk biokjemi (LKB)
Kontaktperson: Solveig Vannes, fagbioingeniør/Ann Helen Kristoffersen, overlege med. biokjemi
Telefon (praktiske spørsmål): 55 97 31 06 (Hematologi- og koagulasjonsseksjonen)
Epost (faglige spørsmål): medisinsk.biokjemi@helse-bergen.no