Lab-info: Stans i vidaresending av katekolaminer i døgnurin

Frå og med 01.03.2017 vil ikkje katekolaminer i døgnurin bli sendt vidare til Hormonlaboratoriet ved Oslo Universitetssjukehus (OUS) for analyse. Rekvirent må då sjølv rekvirere prøven og skaffe dunker til prøveinnsamling frå Hormonlaboratoriet ved OUS.

 

Analyse av katekolaminer i urin er mindre sensitiv og spesifikk enn plasma metanefrinmåling. Døgnsamling av urin har og ei rekke andre preanalytiske feilkjelder. Hormonlaboratoriet ved Haukeland Universitetssjukehus har difor bestemt at analysen skal gå ut frå vårt tilbod. Det er fortsatt mogeleg for rekvirent å bestille prøven ved OUS.


Ansvarlig avdeling: Hormonlaboratoriet
Kontaktperson: Avdelingssjef Jørn Sagen
Telefon: 55 97 43 96
Epost: jorn.sagen@helse-bergen.no