Rekvirentar som vil ha denne analysen må sjølv rekvirere og sende prøven til eit anna laboratorium, til dømes Hormonlaboratoriet ved Aker sjukehus/OUS.
Indikasjon for osteokalsin er utgreiing og oppfølging av behandling ved osteoporose eller mistanke om patologisk skjelettomsetjing men det er omdiskutert om s-osteokalsin bør inngå i utgreing og oppfølging av osteoporose. Vanlegvis nyttes i slike høve s-CTX (resorpsjonsmarkør) og s-PINP (formasjonsmarkør). Haukeland universitetssjukehus (HUS) sender i dag desse to analysane vidare til Hormonlaboratoriet ved Aker sjukehus/OUS (sjå eigen Lab-info 11.11.2015).
Sjå http://www.oslo-universitetssykehus.no/omoss_/avdelinger_/hormonlaboratoriet for meir informasjon om prøvane og prøvetaking.
Ansvarlig avdeling: Hormonlaboratoriet
Kontaktperson: Avdelingssjef Jørn V. Sagen
Telefon: 55 97 43 96
Epost: jorn.vegard.sagen@helse-bergen.no