Lab-info: s-Folat – endring av aksjonsgrense for folatmangel

Frå 06.03.18 blir aksjonsgrense for folatmangel endra til s-folat < 10 nmol/L.

Laboratorium for klinisk biokjemi ved Haukeland universitetssjukehus utførte i 2016 ei restandardisering av folatmetoden som resulterte i betre diagnostikk ved låge serum-folatnivå.

Hos barn over 2 år og hos vaksne er plasma totalt homocystein (tHcy) ein metabolsk markør på folatstatus. I våre pasientanalyser ser vi at tHcy tar til å stige når serum-folat fell  < 21 nmol/L.

Basert på desse metabolske endringane blir aksjonsgrensa for folatmangel endra frå <8 nmol/L til 10 nmol/L. Dette er i tråd med internasjonale retningsliner (Food and Nutr Bull, 2008, (29), S238-244).

For ytterlegare informasjon, sjå PKO-NYTT Nr.2-2018
eller ta kontakt med ansvarleg avdeling.


Ansvarleg avdeling:
Laboratorium for klinisk biokjemi

Kontaktperson:
medisinsk faglege spørsmål: Overlege Anne-Lise Bjørke Monsen, tlf. 55 97 30 87
Praktisk/tekniske spørsmål: Fagbioingeniør Kristin Haagensen, tlf. 55 97 32 50
epost: anne-lise.bjorke.monsen@helse-bergen.no eller kristin.haagensen@helse-bergen.no