Nye alternativ for rekvirering:
Rekvirer enten «Basispakke» eller «Hurtig metode». Det gamle rekvireringsalternativet «UPOS (spesifikk bekreftelse)» utgår. Der dette blir rekvirert på gamle papirskjema vil vi utføre «Hurtig metode». Revidert papirrekvisisjon vil i første omgang bli gjort tilgjengeleg på analyseoversikten.no, og vil sendast ut seinare i haust.
Basispakke
I basispakka gjennomfører vi ei spesifikk analyse (massespektrometrisk metode) av dei 38 mest brukte rusmidla. Dette analyseprinsippet er arbeidskrevjande, men gir eintydige resultat. Utover cannabis og etanol vil vi kun rapportere ut det som blir påvist. Forventa svartid: 3 dagar. Maksimal svartid: 5 dagar.
Hurtig metode
Med denne metoden (fotometrisk/immunkjemisk metode) gjennomfører vi ei analyse av dei mest vanlege rusmiddelgruppene og nokre få enkeltsubstansar (8 grupper/substansar). Analysemetoden er nyttig dersom du treng ei rask oversikt over kva som kan foreliggje av rusmiddel i ei urinprøve. Blant substansane som påvisast som gruppe vil ein ved eit positivt resultat ikkje kunne seie kva for eit enkelt-rusmiddel som er inntatt (uspesifikk analyse). Det er også andre ting ein må vere merksam på: Til dømes kan gravide få falskt positivt utslag på amfetamin, og ikkje alle substansar med misbrukspotensiale gir utslag (t.d. z-hypnotika, tramadol) m.m. Svartida vil vere 0-1 dagar.
Øvrige rusmiddelanalysar i urin
- Etanolmetabolittar (etylglukuronid (EtG) og etylsulfat (EtS))
Spesifikk analyse. Mellom anna aktuell i førerkortsaker. - GHB
Spesifikk analyse. Ver merksam på at GHB kun kan påvisast inntil 12 timar etter inntak. - Dersom «Basispakke» er negativ, men du framleis har mistanke om at pasienten har inntatt eit rusmiddel, er det no mogeleg å gjere eit utvida søk (etter t.d. syntetiske cannabinoider). Eit slikt «Bredt substanssøk» kan etterrekvirerast etter at prøva blei analysert for «Basispakke», ved å ringje vakthavande lege i klinisk farmakologi (Tlf.: 55 97 31 53 (kl. 8-16)).
For meir informasjon, sjå
analyseoversikten.no. Der finn du detaljerte oversikter over kva som inngår i dei ulike pakkene, informasjon om prøvetaking, påvisingstider m.m.
Ansvarleg avdeling: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)
Telefon: 55 97 31 41 (praktisk/teknisk), 55 97 31 53 (medisinsk fagleg)
E-post: klinisk.farmakologi@helse-bergen.no (medisinsk fagleg)