Lab-info: Rosa kork på eSwab til bakteriologisk dyrking vert kvit

Gladnyheit! Vi endrar korkfargen på eSwab til bakteriologisk dyrking frå rosa til kvit.

rosa_blir_kvit.jpg

Feil bruk av transportmedium på grunn av samanblanding av korkfargar, spesielt raud, rosa og oransje, har vore eit vanleg problem som fører til at laboratorieprøver må avvisast. Dette skaper frustrasjon hos rekvirentar og på laboratoriet, og påfører pasienten ekstra belasting. Etter dialog med leverandøren, får røyr for bakteriologisk dyrking no endeleg kvit korkfarge.

Penselprøver til mikrobiologisk diagnostikk er no som følgjer:
Dyrking bakteriar Kvit kork

Tarmpatogene bakteriar, virus og parasittar
Clostridium difficile toxin Blå kork

Virus samt Bordetella pertusiss, Mycoplasma- og Chlamydophila pneumoniae (PCR-analyser) Raud kork

Vi håper at denne endringa vil gjere det enklare for rekvirentane å velje rett medium.

Ansvarlig avdeling: Mikrobiologisk avdeling
Kontaktperson: Bergljot Austrheim
Telefon: 55 97 55 42
Epost: bergljot.austrheim@helse-bergen.no