Lab-info: Nye referanseområde for alfa1-antitrypsin, ceruloplasmin og prealbumin

Frå 01.12.16 blei det nye referanseområde for analysane alfa1-antitrypsin, ceruloplasmin og prealbumin hos voksne.

 

Alfa1-antitrypsin
Nytt referanseområde: 0,8 – 1,7 g/L.
Låge verdiar sjåast hos individ med medfødt alfa1-antitrypsinmangel. Dette kan medføre auka risiko for utvikling av leversjukdom eller emfysem. Individ med verdiar under normalområdet bør derfor utgreiast vidare med gentest for dei vanlegaste mutasjonane eller Pi-typing.
Inflammasjon, graviditet og bruk av P-piller gir auka verdiar. Ved mistanke om genetisk betinga AAT-mangel må prøva takast når pasienten ikkje har akuttfase.

Ceruloplasmin
Nytt referanseområde: 0,15 – 0,34 g/L.
Indisert ved mistanke om Wilsons sjukdom, Menkes syndrom eller aceruloplasminemi. Tett knytt opp mot kobber-metabolismen.
Auka verdiar kan sjåast ved akuttfase, samt ved graviditet og p-pillebruk.

Prealbumin
Nytt referanseområde 0,19 – 0,38 g/L.
Nyttast saman med kliniske funn og andre biokjemiske parametre til å vurdere leverfunksjon, proteinsyntese og ernæringstilstand.

Uendra prøvemateriale for alle analysane.

Ansvarlig avdeling: Seksjonsleiar Linda Kvamme Ragnvaldsen (praktisk/teknisk) eller
lege i spesialisering Morten Yung Isaksen (medisinsk fagleg)
Telefon: 55 97 3140 eller 55 97 3146
Epost: LKB@helse-bergen.no