Lab-info: Ny testmetode for påvising av Mycoplasma

Mikrobiologisk avdeling innfører 07. september 2016 metode for påvising av Mycoplasma pneumoniae IgG- og IgM-antistoff i serum. Samtidig utgår påvising av Chlamydophila pneumoniae (respiratorisk Chlamydia) antistoff i serum.

 

Indikasjon for undersøking for Mycoplasma pneumoniae antistoff i serum er mistanke om atypisk pneumoni med symptomvarigheit over (2-)4 veker. Med den nye testen vil svartida bli kortare.

Ved varigheit under 4 veker vert halsprøve/nasofarynksprøve til agenspåvising ved PCR tilrådd.

Rekvirering av prøvene:

  • Analysane kan rekvirerast elektronisk frå primærhelsetenesta i bolk for «Antistoff»
  • Ved bruk av papirrekvisisjon kan analysen hakast av på skjemaet i feltet Blodprøver»:

 

 

 

 reagens.foto

  • PCR-undersøking for Mycoplasma pneumoniae vert utført i nasofarynkssekret og halssekret. Analyserast alltid saman med Chlamydophila pneumoniae PCR, Bordetella pertussis PCR og Bordetella parapertussis PCR.

 

     

Sjå www.analyseoversikten.no for analysar og bestilling av røyr.   

                           
Ansvarleg avdeling: Mikrobiologisk avdeling, HUS
Kontaktpersonar: Bergljot Austrheim / Marita Vik                                                                                            
Telefon: 55 97 55 42 / 55 97 46 17
E-post: bergljot.austrheim@helse-bergen.no / marita.vik@helse-bergen.no