Lab-info: Ny testmetode for Chlamydia trachomatis og Neisseria gonorrhoea

Mikrobiologisk avdeling innfører 15. mars 2016 ny metode for påvising av Chlamydia trachomatis og Neisseria gonorrhoeae. Frå denne dato må nytt prøvetakingsutstyr nyttast (sjå bilde i teksten nedanfor) .

 

Den nye molekylærbiologiske testen er meir sensitiv og spesifikk, og gjer samtidig påvising av Chlamydia trachomatis og Neisseria gonorrhoeae (gonokokkar) mogeleg i same prøverøyr.

Inntil 70% av kvinner med gonokokkcervicitt har ikkje symptom, og over halvparten av menn med gonokokkurethritt er asymptomatiske i populasjonsstudiar. Tal frå andre fylke viser ei dobling av påviste gonokokktilfelle når kombinerte klamydia/gonore-testar vert innført.

Det vert rutinemessig testa for både Chlamydia trachomatis og Neisseria gonorrhoeae (gonokokkar).  Prøve til dyrking vil etterspørjast ved positiv Neisseria gonorrhoeae-PCR slik at resistenstesting kan utførast.
Ved klinisk mistanke om gonore skal alltid eigen prøve til bakteriologisk dyrking og resistenstesting sendast saman med prøve til PCR. Det er ulike transportmedium til PCR og dyrking.

Dersom ein i nokre tilfelle ikkje ønskjer klamydiaprøven undersøkt på gonokokkar i tillegg, kan undersøking for berre Chlamydia trachomatis rekvirerast.

Indikasjon for undersøking for Mycoplasma genitalium er kvinner og menn med symptomatisk urethritt som testar negativt på Chlamydia trachomatis og Neisseria gonorrhoea.

Hos symptomatiske pasientar kan ein av praktiske årsaker velja å testa for Mycoplasma genitalium samtidig som undersøking for Chlamydia trachomatis og Neisseria gonorrhoeae, men det må då sendast inn urin i eige spesialrøyr for Mycoplasma genitalium.

Testing for Mycoplasma genitalium hos pasientar utan symptom er ikkje tilrådd. Unntak er tilfelle der partnar har fått påvist ein infeksjon som vert behandla. 

Rekvirering av prøvene

  • Analysene kan rekvirerast elektronisk frå primærhelsetenesta i bolk for «Seksuelt overførbare sykdommer»
  • Ved bruk av papirrekvisisjon kan analysene hakast av på skjemaet i feltet «Seksuelt overførbare sykdommer»:

skjema-SOS-skjermbilde.jpg 

Sjå www.analyseoversikten.no for analyser og bestilling av røyr

  • PCR-undersøking for Chlamydia trachomatis og Neisseria gonorrhoeae (gonokokkar) vert utført i urin og sekret:

test-klamydia-gonokokk-skjermbilde.jpg
​ ​
​Klamydia/gonokokk urin
Aptima urinprøvetakingssett for kvinner og menn, første urinporsjon ​

 

test-klamydia-gonokokk-sekret-skjermbilde.jpg 

Klamydia/gonokokk sekret
Aptima prøvetakingssett med vattpinnar for sekret frå kvinner og menn

Gammalt prøvetakingsutstyr skal ikkje brukast lenger og kan kastast.
 

  • Dyrking og resistenstesting av gonokokkar vert kun utført i sekret. Prøvetakingsrøyr til PCR kan ikkje nyttast. Det er inga endring når det gjeld transportmedium til gonokokkdyrking , sjå www.analyseoversikten for aktuelt prøvetakingsutstyr.

    • PCR-undersøking for Mycoplasma genitalium vert berre utført i urin. Første urinporsjon skal sendast i ein spesialbehaldar, Urin-Monovette med gul kork, utan tilsetting:

    urin-monovette-skjermbilde.jpg
    Urin-Monovette

 

 

Ansvarleg avdeling: Mikrobiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukhus
Kontaktpersonar: Bergljot Austrheim / Marita Vik
Telefon: 55 97 55 42 / 55 97 46 17
E-post: bergljot.austrheim@helse-bergen.no / marita.vik@helse-bergen.no