Lab-info: Ny metode for måling av renin

Frå 01.02.2016 vil Hormonlaboratoriet måle renin i plasma med eit nytt analyseprinsipp. I staden for å måle plasma renin aktivitet (PRA), vil vi no måle mengda av renin direkte ved hjelp av antistoff. Det vil ha konsekvensar for referanseområde og måleeining, som vert mIE/L i staden for μg/L/t, og for ratio mellom aldosteron og renin (ARR).

 

Nytt referanseområde

Vaksne frå og med 18 år: 4,4 – 46,1 mIE(L (ståande)

Eige referanseområde for born vert oppgitt i svarrapport.

Referanseområde for born er mangelfullt dokumentert og berre rettleiande.

 

Prøvehandtering

Romtempererte EDTA-røyr skal nyttast ved prøvetaking. Prøven skal sentrifugerast i romtemperatur, plasma skal separerast omgåande etter sentrifugering. EDTA-plasma bør frysast snarast mogeleg etter det er pipettert av, men kan oppbevarast i romtemperatur inntil 4 timar. Innfrysing av EDTA-plasma til - 20 °C bør skje så hurtig som mogeleg, då renin er sensitiv for kjøleskaptemperatur. Merk at røyra ikkje må være kjølt eller vært satt på is. Plasma skal ikkje oppbevarast i kjøleskap.

Analysevolum: 600 μL EDTA-plasma.

 

Medisinsk tolking ved ny renin-metode

Aldosteron/renin-ratio (ARR) vert nytta ved utgreiing av mistanke om sekundært høgt blodtrykk. Høg kan ARR tyde på primær hyperaldosteronisme. Grenseverdiane for ARR er endra med den nye metoden. Vi anbefaler vidare utgreiing dersom ARR er over 35 pmol/mIE og aldosteron er over 300 pmol/L, eller ARR er over 50 og aldosteron er 150-300 pmol/L. Laboratoriet vil gje råd ved avvikande prøvar der aldosteron og renin er bestilt på same rekvisisjon.

Merk at med den nye målemetoden for renin kan østrogen gje falsk høg ARR. Utgreiing må difor vera gjort tidleg i menstruasjonssyklus. Dato for siste menstruasjon og bruk av p-pille/HRT må vera notert på rekvisisjonen saman med opplysningar om anna medikamentbruk og klinisk indikasjon.


Ansvarlig avdeling: Hormonlaboratoriet
Kontaktperson: Avdelingssjef Jørn V. Sagen
Telefon: 55 97 43 96
E-post: jorn.vegard.sagen@helse-bergen.no