Lab-info: Ny metode for måling av Østradiol

Frå og med 20.03.2017 vil østradiol bli målt med væskekromatografi-tandem massespektrometri (LC-MS/MS). Metoden er særs spesifikk og vil i stor grad utelukke krossreaktivitet frå stoff med liknande kjemiske eigenskapar.

 

Resultat frå LC-MS/MS metoden kan ikkje samanliknast direkte med analyseverdiar målt med tidligare metode.

Prøvemateriale: 0,8 ml serum på prøverøyr med gel.

OBS! Store prøverøyr må nyttast, og må fyllast heilt.

​Referanseområde​Nedre​Øvre
​Mann​≤ 106
​Kvinne, fertil alder​143​1615
​Kvinne, postmenopausal​≤ 37

Eigne referanseområdar for born vil bli vist til i svarrapport.

Referansegrensene er henta frå anna laboratorium med liknande LC-MS/MS metode. Grensene er bekrefta i eige materiale.

Indikasjonar

Mistanke om svikt i gonadefunksjonen. Utgreiing av infertilitet, amenorré eller menopause. Utgreiing av gynekomasti eller feminisering hos menn.

Tolkingar 

Verdiane må tolkast saman med samtidig målt FSH, LH og SHBG, og vurderas ut frå pasientens alder, kjønn og menstruasjonsfase.


Ansvarlig avdeling: Hormonlaboratoriet
Kontaktperson: Avdelingssjef Jørn Sagen
Telefon: 55 97 43 96
Epost: jorn.sagen@helse-bergen.no