Indikasjonar
Primær utgreiing av mogleg overforbruk av etanol, eller som ledd i utgreiing av sjukdomar og lidingar som kan vere sekundære til skadeleg bruk av etanol (t.d. psykiske lidingar, leversjukdom, gastritt, pankreatitt, terapiresistent hypertensjon, perifer nevropati, krampeanfall).
Dokumentasjon og kontroll av totalavhald frå etanol, eller dokumentasjon og kontroll av at prøvegivaren held seg innanfor eit moderat forbruk av etanol (t.d. førarkortsaker).
Prøvemateriale og analysering
3 mL EDTA blod.
PEth utførast 2 gonger i veka.
Tolking
Det er etablert grenser som skil mellom avhald eller svært lågt konsum (< 0,03 μmol/L), moderat konsum (0,03 μmol/L- 0,30 μmol/L), og høgt konsum inntak (> 0,30 μmol/L) av etanol.
Kliniske opplysninger er viktige for tolking av prøveresultat.
For meir informasjon, sjå analyseoversikten.no.
Ansvarleg avdeling: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)
Telefon: 55 97 31 41 (praktisk/teknisk), 55 97 31 53 (medisinsk fagleg)
E-post: klinisk.farmakologi@helse-bergen.no