Lab-info: Midlertidig ordning for RhD-profylakse til RhD-negative i veke 28

Som kjent er rutinane for RhD-negative gravide endra, med prøvetaking i
svangerskapsveke 24, og profylakse i veke 28. Profylakse var planlagt gitt hjå fastlege/jordmor, men sidan den praktiske gjennomføringa av dette ikkje er på plass, og for å ivareta medisinsk forsvarleg praksis, har fagdirektør i Helse Vest innført ei midlertidig ordning:

 

I den midlertidige ordninga sendast svaret på føtal RHD-typing til rekvirent samt til poliklinikk ved fødeavdelinga som ligg nærmast heimstaden til kvinna.


Svarbrevet utformast som ei tilvising frå avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT) til poliklinikk ved fødeavdelinga.
Poliklinikk ved fødeavdelinga kallar så inn RhD-negative gravide som får tilbod om profylakse i veke 28.

Ordninga trer i kraft 07.11.16.

For dei få kvinnene der det allereie er sendt ut svar på føtal RHD-typing, og som enno ikkje har fått profylakse, sendast tilvising til poliklinikk ved fødeavdeling frå AIT no.

Alle svangerskapsprøver skal sendast til same stad og på same måte som i dag.

Prøve til føtal RHD-typing veke 24 må takast på 6 ml EDTA-glas,
dette er spesialglas som kan bestillast på www.analyseoversikten.no.

Det er svært viktig at det opplysast om termin ved rekvirering av svangerskapsprøver.
 

Ansvarleg avdeling: Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, AIT

Kontaktpersonar for informasjon: Bioingeniør Tonje Espeland Bagås (praktisk/teknisk) eller konst. overlege Kristin Gjerde Hagen (medisinsk fagleg)

Telefon: 55 97 24 70 eller 55 97 24 65
E-post: tonje.espeland.bagas@helse-bergen.no/ kristin.gjerde.hagen@helse-bergen.no