Lab-info: LKB innfører carbohydrate- deficient transferrin (CDT)

Dette er markør for høgt alkoholforbruk . Prøvane er tidlegare vidaresendt for analyse ved Oslo Universitetssykehus. Svartida vil no bli korta ned.

 

CDT er ein markør på langvarig høg alkoholbruk. Ved dagleg inntak av > 3 alkoholeiningar i > 2 veker stig som regel CDT. Sensitiviteten er for låg til at prøven kan brukast som screening i ei generell befolkning, men prøvenblir ofte brukt for å kontrollere avhald hos ein person med kjend alkoholliding.

Serum-CDT > 2,5 % blir rapportert som auka, og utgitt som talverdi i prosent.

Potensielle feilkjelder; leversjukdom og sjeldne medfødde glykosyleringsforstyrringar (CDG). Under svangerskapet stig CDT, særskild i 3. trimester, og prøven må tolkast med varsemd.

Informasjon om prøvetaking, referanseområde og tolking med meir er å finna på Analyseoversikten.


Ansvarlig avdeling:
Laboratorium for klinisk biokjemi, Seksjon for klinisk farmakologi 
Kontaktpersonar:
Linda K. Ragnvaldsen, fagbioingeniør /Charlotte L. Stokes, lege klinisk farmakologi
Telefon (praktiske spørsmål): 55973140
Telefon (faglige spørsmål): 55973153 (08:00-16:00)
E-post (faglige spørsmål): klinisk.farmakologi@helse-bergen.no