Lab-info: Lipase – ny analyse for utgreiing av sjukdommar i pancreas

Frå 08.11.2016 innfører LKB analyse av s-lipase.

Indikasjon

Indikasjonar for å bestille s-lipase er mistanke om/eller kontroll av akutt pankreatitt, vurdering av pankreasaffeksjon ved mistanke om obstruksjon av pankreasgangen (tumor, stein) eller mistanke om nedsett pankreasfunksjon (kronisk pankreatitt, cystisk fibrose). S-lipase er anbefalt framfor s-amalyse fordi s-lipase er ein meir sensitiv og spesifikk analyse enn s-amylase ved akutt pankreatitt.

Tolking

Ved akutt pankreatitt  begynner verdiane av s-lipase å stige 4 – 8 timar etter symptomstart og når maksimale nivå etter 24 timer. Nivået blir normalisert først etter 8 -14 dagar. Dei to vanlegaste årsakene til akutt pankreatitt er gallestein og alkoholmisbruk.

For diagnosen akutt pankreatitt, krev ein minst to av tre følgjande kriteria:

  • Typiske øvre abdominalsmerter
  • Auke av lipase (eller amylase) (større enn tre gongar øvre referansegrense)
  • Typiske funn ved bruk av billeddiagnostikk (UL, CT eller MR)

Låge verdiar sjåast ved kronisk pankreatitt i rolig fase og ved cystisk fibrose.

Lipase er meir aktivt enn amylase, og er mindre affisert av eksokrin pankreassvikt. 

Referanseområde

20-73 U/L

Prøvemateriale og prøverøyr

Serum.
Serumrøyr med gel. Same røyr som andre medisinsk biokjemiske analysar.

Ansvarleg avdeling: Laboratorium for klinisk biokjemi
Kontaktpersonar for informasjon: fagbioingeniør Siw B. Grinde (praktisk/teknisk) eller lege i spesialisering Margunn Bye Tøsdal (medisinsk faglege)
Telefon: 55 97 3121 eller 55 97 7346.
E-post: LKB@helse-bergen.no