Lab-info: Laboratorium for klinisk biokjemi innfører tumormarkøren CA 19-9

Karbohydrat antigen 19-9 (CA 19-9) kan gi klinisk nyttig informasjon i oppfølginga av pasientar med kreft i bukspyttkjertelen eller gallegangane.

 

​CA 19-9 vert uttrykt på cellemembranen i fleire epiteliale vev og finns i låge verdiar i serum. Unormalt høge serumverdiar kan påvisast ved ulike vondarta tilstandar. Den kliniske bruken er først og fremst knytt til oppfølging av pasientar med kreft i bukspyttkjertelen eller i gallegangane.

Analysen er ikkje eigna som screeningtest i ei generell befolkning, og den diagnostiske verdien er låg. Fleire godarta tilstandar kan gi auka verdiar, blant anna inflammasjon i gallegangane og bukspyttkjertelen, skrumplever, inflammatorisk tarmsjukdom og dei fleste tilstandar som gjer mekanisk gulsott.

CA19-9 er ein variant av antigenet i Lewis-blodgruppesystemet. Individ som er Lewis-negative (LE a- b-) uttrykker ikkje CA 19-9. Dette gjeld omtrent 6,5 % av den norske befolkninga

Referanseområde

< 34 kU/L

Prøvemateriale og prøverøyr

Serum.
Serumrøyr med gel. Same røyr som andre medisinsk biokjemiske analysar.

Ansvarleg avdeling: Laboratorium for klinisk biokjemi
Kontaktpersonar for informasjon: Fagbioingeniør Kristin Haagensen (praktisk/teknisk) eller lege i spesialisering Morten Yung Isaksen (medisinsk fagleg)
Telefon: 55 97 32 50 eller 55 97 31 46
E-post: LKB@helse-bergen.no