Lab-info: Kalprotektin i feces – nivåendring frå 1. juni

Frå 1. juni blir det tatt i bruk ein ny og forbetra metode for analysering av kalprotektin i feces. Ny metode vil gje eit høgare nivå av målte konsentrasjonar, og samanlikning av prøvesvar før og etter 1. juni må gjerast med forsiktigheit.

Bakgrunn

Kalprotektin i feces er ein markør for inflammasjon i tarm. Analysen blir nytta til å skilje mellom inflammatorisk tarmsjukdom (IBD) og irritabel tarm syndrom (IBS) med tanke på utveljing av pasientar til endoskopisk undersøking. Analysen kan og nyttast som markør for aktivitet av inflammatorisk tarmsjukdom. Måleområdet for analysen er utvida, og vil nå vere frå 3,8 til 6000 mg/kg. Leverandøren av analysen angir auke i sensitivitet til 98,0 % og negativ prediktiv verdi på 96,9 % for den nye metoden. Vidare angir dei ein spesifisitet på 75,9 % og positiv prediktiv verdi på 82,9 % for IBD samanlikna med ei kontrollgruppe med irritabel tarmsjukdom og andre funksjonelle tarmlidingar.


Samanlikning av ny og gamal metode viser at ny metode gir betydeleg høgare resultat enn for gjeldande metode ( gjennomsnittleg 94 % høgare). For enkeltmålingar kan forskjellane vere større.
 

Referanseområde

<50 mg/kg (vaksne og større barn) 
 

Tolking

Resultat av analysen må tolkast saman med klinikk. Eigenskapar ved prøvematerialet (som blodtilblanding, konsistens etc.) kan ha betyding for resultat. Ver merksam på auka nivå samanlikna med prøver analysert før 1 juni. Trass auka sensitivitet av analysen oppgir leverandør same referanseområde som før. For prøver med resultat 50-150 mg/kg er klinisk betyding usikker og kontrollprøve bør vurderast. 

Lab-info: Kalprotektin i feces – nivåendring frå 1. juni (PDF)
 

Prøvetaking

Uendra. Sjå analyseoversikten.no  
 

Ansvarleg avdeling

Laboratorium for klinisk biokjemi 
 

Kontaktpersoner

Linda K. Ragnvaldsen (praktisk/teknisk)
Telefon: 55973140

Torunn O Apelseth (medisinsk fagleg)
Telefon: 55973092
Epost: LKB@helse-bergen