Lab-info: Innføring av Nasjonalt Laboratoriekodeverk

Frå 27.11.2017 vil Helse Bergen sine elektroniske svarmeldingar for laboratorieanalyser rapportere Norsk Laboratoriekodeverk sine analysenamn og analysekodar.

Helsedirektoratet har satt som krav at elektronisk rapportering av analyseresultat skal skje ved bruk av Norsk Laboratoriekodeverk (NLK). Målet med NLK er å sikre at alle laboratoria bruker same standardiserte definisjon på sine analysar.

Frå 27.11.2017 vil Helse Bergen sine elektroniske svarmeldingar for laboratorieanalyser rapportere NLK sine analysenamn og -kodar.

Det vil vere variasjon i korleis dei ulike elektroniske pasientjournalane (EPJ) tek imot og syner NLK kodar. Helsedirektoratet har via EPJ Løftet distribuert ei synonymordliste som koplar variantar av analysenamn til NLK. For EPJ der synonymordlista er implementert, mellom anna Infodoc Plenario, vil det bli lite forandringar, mens for andre EPJ system kan systemet oppfatte dei nye kodane som nye analysar og analysehistorikken dermed verte broten. EPJ-leverandøren har informasjon om dette.

Det blir ingen endringar i Helse Bergen si elektroniske rekvireringsløysing (DIPS Interactor). Analyseresultatverdiane blir heller ikkje endra.

For meir informasjon, sjå informasjon på Direktoratet for e-helse: https://ehelse.no/standarder-kodeverk-og-referansekatalog/helsefaglige-kodeverk/laboratoriekodeverket
 

Ansvarlig avdeling:
Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus
Kontaktperson: Kåre Sønstabø
Telefon: 55 97 31 17
Epost: kare.johan.sonstabo@helse-bergen.no