Lab-info: IFNb/VGKC/MuSK antistoff

Frå 1. november 2016 blir føljande analyser ikkje lenger tilbydt ved LKB/ Nevrologisk Forskingslaboratorium: IFNb, VGKC og MuSK antistoff. Rekvirentar som vil ha desse analysane må sjølv rekvirere og sende prøvane til eit anna laboratorium.

 

IFNb antistoff:
Serum (0,5 ml) kan sendast til Nevroimmunologisk laboratorium, Afsnit 6311, Rigshospitalet, Blegdamsvej 9, 2100 København, Danmark.

Det er no relativt få MS pasientar som får IFNb behandling. Nevrologisk Forskningslaboratorium vil difor ikkje lenger tilby analyse av slike antistoff.

VGKC og MuSK antistoff:
Serum (0,5 ml) kan sendast til EUROIMMUN AG, Labor Dr. Stöcker, Seekamp 31, D-23560 Lübeck, Germany, eller til Immunology Department, Churchill Hospital, Headington, Oxford, OX3 7LJ, UK.

VGKC antistoff måling er ofte uspesifikk for nevrologisk sjukdom, spesielt i lågt nivå. Det er anbefalt å undersøke dei spesifikke antistoffa Lgi1 og Caspr 2 som inngår i encefalitt-panelet som utføres ved Nevrologisk Forskningslaboratorium. Begge antistoffa er assosiert med autoimmun encefalitt, mens Capsr2 også kan være assosiert med cerebellær ataksi og nevromyotoni.

MuSK antistoff kan undersøkast hos pasientar der ein mistenker myasthenia gravis og der det ikkje kan påvisast AChR antistoff.

Ansvarlig avdeling: Nevrologisk Forskningslaboratorium
Kontaktperson: Christian Vedeler
Telefon: 55 97 51 26 (08.00 – 16.00)
E-post: christian.vedeler@helse-bergen.no