Lab-info: Henting av prøver under Sykkel-VM

Vi har fått nokre spørsmål til skrivet om henting av prøver under sykkel-VM som arrangerast 16.-24. september. På bakgrunn av dette presiserast derfor følgjande:
 

Hentetenesta vil bli gjennomførd som vanleg med unntak av dagruta (som kun gjeld nokre kontor). Dagruta vil ikkje bli henta i veke 38.

Omlegging og stengde vegar kan gjera at sjåførane vert forseinka. Om dette skjer er det ønskeleg at legekontora har personale til stades til prøvane er henta. Dette då ein ikkje kjenner til trafikkforholda frå dag til dag og det er ønskeleg å sikre haldbarheita på prøvane.

Arbeid med gjerder rundt sykkel traseen vil starte allereie 14. september og halde fram til 28. september. Vi ber derfor om forståing dersom det også i denne perioden kan bli forseinka henting.

Ved behov for å ta kontakt med sjåførar i denne perioden, ver venleg å ta kontakt med MultiTrans på telefon: 55 16 10 00.