Lab-info: Endring i rutinar for innsamling av døgnurin til katekolaminar (adrenalin/noradrenalin)

Frå 1.1.2016 kan ikkje Hormonlaboratoriet sende vidare urinprøvar til analyse for katekolaminar dersom pH i den innsamla urinen er over 6.

 

Urin bør derfor samlast på dunkar med 100 mL 1 M svovelsyre eller saltsyre. Pasientar kan hente dunk med saltsyre på laboratoriet. Dersom ein ønskjer å nytta dette tilbodet må kontakta laboratoriet på tlf. 55974380 for å avtala når dunken kan hentast. Dunkar vert utlevert i prøvepoliklinikken, andre etasje i Sentralblokka.

Før pasienten skal hente dunk med syre er det viktig at han/ho får god informasjon om at dunken inneheld syre, og at innhaldet er etsande både for auge og hud. Dunken må oppbevarast ståande heile tida, og skal vere utilgjengeleg for born.

Heile samledunken kan leverast til prøvepoliklinikken. Alternativt kan legekontoret sende inn urin på eit vanlig urinprøveglass. Urinvolum og kva syre som er nytta må då bli notert på rekvisisjonen.    

Merk at dersom ein ønskjer å også måle kortisol eller 5-HIAA i døgerurin, må det ein egen urinsamling til dette. Dette grunna at analysane ikkje kan gjerast i surgjort urin.

 


Ansvarlig avdeling: Hormonlaboratoriet
Kontaktperson: Avdelingssjef Jørn V. Sagen
Telefon: 55 97 43 96
E-post: jorn.vegard.sagen@helse-bergen.no