Lab-info: Endring i referanseområde for Veksthormon, Insulin og C-peptid

Nedre referansegrense for insulin og c-peptid er fjerna, øvre referansegrense for insulin er endra. Referanseområdet for veksthormon er fjerna. Endringa gjeld frå 20.03.2017.

 

Etter gjennomgang har vi endra referanseområda for veksthormon, insulin og c-peptid. Det er ingen endring i metode for analysering. Prøvesvar er difor samanliknbare med tidligare målte verdiar.

Referanseområde for insulin og c-peptid er endra. Den nedre grensa er fjerna for begge analyttar og den øvre grensa er i tillegg endra for insulin frå 27 mIE/L til 29,1 mIE/L. Insulin og C-peptid bør vurderast saman med samtidig målt glukose.

​Insulin
​Referanseområde
​< 29,1 mIE/L


​C-peptid
​Referanseområde
​< 2,4 nmol/L


Referanseområde for veksthormon er fjerna. Veksthormon utskilles periodisk og pulsatilt og det er påvist kortvarige verdiar på opptil 40 µg/L hos friske forsøkspersonar. Basalnivå eller en tilfeldig målt s-veksthormon gir ofte lite diagnostisk informasjon.  Ein frisk person har ofte ikkje målbar konsentrasjon av veksthormon. Stimuli som blant anna trening, fysisk og psykisk stress og hypoglykemi vil gje eit auke i veksthormon-sekresjon. Veksthormon må sjåast i samanheng med klinikk og IGF-1. Vurdering saman med IGF-BP3 kan også være aktuelt.


Sjå www.analyseoversikten.no for meir informasjon.


Ansvarlig avdeling: Hormonlaboratoriet
Kontaktperson: Avdelingssjef Jørn V. Sagen
Telefon: 55 97 43 96
Epost: jorn.vegard.sagen@helse-bergen.no