Lab-info: Endring i prøverøyr til legemiddelanalysar i serum

Ny praksis for bruk av prøverøyr til legemiddelanalysar i serum frå 1. september 2017.

Nyleg publisert litteratur og eigne forsøk på haldbarheit av legemidlar på gelrøyr, har gjort det nødvendig å endre praksis. Røyr utan tilsetning (raud kork med svart ring) skal frå 1. sept. 2017 nyttast til legemiddelanalysar i serum. Detaljert informasjon om kvart enkelt legemiddel er publisert i analyseoversikten.no

ill 1

  • Sentrifugèr prøva og overfør serum til eit prøverøyr med skrukork
  • Merking av prøverøyra:
    IHR: Bruk korrekt analyseetikett
    Strekkoderekvisisjon: Bruk etikett merka serum, suffiks 32

ill 2

  • Prøvar til analyse av Olanzapin treng ikkje lenger å bli beskytta mot lys.
  • Hugs å bestille røyr utan tilsetting (raud kork med svart ring) og prøverøyr med skrukork

Ansvarlig avdeling: Laboratorium for klinisk biokjemi
Kontaktperson: Hege Lid
Spørsmål knytt til analyseresultat kan tas opp med vakthavande klinisk farmakolog:
Telefon: 55 97 31 53 (måndag – fredag 08.00 – 16.00)
Epost: klinisk.farmakologi@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar)