Lab-info: Endring i haldbarheit for analysen «Østradiol ved IVF-behandling"

Forsøk ved Hormonlaboratoriet har vist at prøver til østradiol-IVF har kortare haldbarheit i serum enn tidlegare angjeve.

Prøvetaking:
Serumrøyr med gel. Prøven må sentrifugerast innan 2 timar etter prøvetaking.

Haldbarheit Østradiol-IVF:
Gjeld både for gelrøyr og avpipettert serum:

Romtemperatur: 24 timar
Kjøleskap: 72 timar

Indikasjon:
Vi minner om at analysen «østradiol ved IVF» berre skal nyttast ved spørsmål om overstimulering under IVF-behandling. Ved alle andre indikasjonar (t.d. mistanke om svikt i gonadefunksjon, utgreiing av infertilitet, amenoré, postmenopausal bløding, stadfesting av menopause og utgreiing av gynekomasti eller feminisering hjå menn) må ein rekvirera den vanlege østradiol analysen som vert analysert på LC-MS/MS.


For meir informasjon, sjå www.analyseoversikten.no eller ta kontakt med kontaktperson.

Ansvarlig avdeling: Hormonlaboratoriet

Kontaktpersoner: 
Praktiske/tekniske spørsmål: Fagbioingeniør Astrid Torvestad, 55 97 43 80
Medisinsk faglege spørsmål: Avdelingssjef Jørn V. Sagen, 55 97 78 11

E-post: hormonlaboratoriet@helse-bergen.no