Lab-Info: Endring av referanseområde for vanedannande legemiddel

Laboratorium for klinisk biokjemi endrar 1. april 2016 referanseområde for serumkonsentrasjon av fleire vanedannande legemiddel. 

 

​I samband med eit nasjonalt arbeid for harmonisering av referanseområda for serumkonsentrasjon av legemiddel, har vi i dag endra referanseområde for fleire vanedannande legemiddel, sjå tabell. Nedre referansegrense er for desse legemidla er fjerna, då serumkonsentrasjonen for desse oftast bør haldast så lav som mogleg.

Øvre referansegrense er satt tilsvarande øvre forventa, legemiddelfastande konsentrasjon ved bruk av høgste døgndose for hovudindikasjonen til legemidlet.

 

Legemiddel (høgste døgndose for hovudindikasjon) ​Ny øvre referansegrense (legemiddelfastande konsentrasjon i serum)
​Alprazolam (3 mg)​160 nmol/L
​Buprenorfin (2 mg)​2,5 nmol/L (2-10 nmol/L ved substitusjonsbehandling)
​Diazepam + metabolitt (5 mg)​3500 nmol/L
​Flunitrazepam (1 mg)​20 nmol/L
​Klonazepam (1,5 mg)​50 nmol/L (60-220 nmol/L ved bruk som antiepileptikum)
​Nitrazepam (5 mg)​300 nmol/L
​Oksazepam (45 mg)​2500 nmol/L
​Zolpidem (10 mg)​100 nmol/L (gjeld prøvetaking cirka 12 timar etter inntak)
​Zopiklon (7,5 mg)​50 nmol/L (gjeld prøvetaking cirka 12 timar etter inntak)

Du kan også ta kontakt med vakthavande lege i klinisk farmakologi:
Telefon: 55 97 31 53 (måndag – fredag 08.00 – 16.00)
Epost: klinisk.farmakologi@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar)