Lab-info: Endring av prøverøyr til analyse av s-Magnesium

Endringa gjeld frå 25. juli 2016. 

 

Prøverøyret Vacuette m/ gel frå Greiner, som laboratoria ved Haukeland universitetssjukehus nyttar til medisinsk biokjemiske analysar i serum mottatt frå primærhelsetenesta, gir 5-10% for høge resultat for s-Magnesium (s-Mg) i forhold til referanseområdet for analysen. Derfor bytter vi til Vacutainer røyr m/gel frå Becton Dickinson (BD) til analyse av s-Mg. 

Merk at alle andre biokjemiske serumanalysar også kan bli analysert frå dei nye serumrøyra m/gel dersom s-Mg er ein av analysane som pasienten skal ta.

For meir informasjon om s-Mg, sjå www.analyseoversikten.no  

Ansvarlig avdeling: Laboratorium for klinisk biokjemi
Kontaktpersoner for informasjon: seksjonsleiar Terje Ertkjern (praktisk/teknisk) eller avdelingsoverlege i medisinsk biokjemi Kristin Aakre (medisinsk fagleg)
Telefon: 55 97 3143 eller 55 97 3188.