Frå 6/11-17 endrast metoden for analyse av TSH-reseptor antistoff i serum. Endringa inneber eit skifte frå manuell metode til automatisert metode. Dette gjer at svarrapporteringstida blir kortare.
Klinikk og indikasjon:
Antistoff mot TSH-reseptor nyttast i sekundær-utgreiinga ved påvist hypertyreose for å sjå om pasienten har Graves sjukdom. Prøven nyttast også i oppfølging av pasientar med påvist Graves for å vurdere risiko for tilbakefall etter behandling.
Resultat frå den nye og den gamle metoden kan ikkje direkte samanliknast. Ny klinisk cut-off-grense er 1,75 IE/L.
Prøvemateriale og prøverøyr:
Serum.
Serumrøyr med gel. Same røyr som andre medisinsk biokjemiske analysar.
Ansvarlig avdeling: Laboratorium for klinisk biokjemi/Hormonlaboratoriet
Kontaktperson: Kristin Haagensen, fagbioingeniør (praktisk/teknisk). Avdelingssjef Jørn V. Sagen (medisinsk fagleg)
Telefon: 55 97 32 50 (praktisk/teknisk), 55 97 78 11 (medisinsk fagleg)
Epost: hormonlaboratoriet@helse-bergen.no
For meir informasjon, sjå www.analyseoversikten.no