Lab-info: Endra metode for anti-Müller hormon (AMH)

Frå 07.03.18 endrar Hormonlaboratoriet metode for AMH-analysen og aldersbestemde referanseområde er etablert for metoden.  Endringa inneber eit skifte frå manuell til automatisert metode og svarrapporteringstida blir kortare.

Klinisk bruk av analysen:
AMH er ein viktig variabel i vurderinga ved in vitro fertilisering (IVF) for å unngå ovarialt hyperstimuleringssyndrom (OHSS). I utgreiing av infertilitet blir verdiar av AMH vurdert saman med verdiar av LH, FSH, talet på antralfolliklar sett med ultralyd og pasienten sin alder. AMH nyttast også av barneleger ved tilstandar med avvikande utvikling av kjønn og i vurderinga av barn med ikkje-palpable testiklar. Hjå gutar kan AMH vere ein markør for funksjonen av umodne sertoliceller. 


Referanseområde: 
 


Prøvemateriale og prøverøyr:
Serum.
Serumrøyr med gel. Same røyr som andre medisinsk biokjemiske analysar.

Ansvarleg avdeling:
Laboratorium for klinisk biokjemi/ Hormonlaboratoriet

Kontaktperson:
Avdelingsoverlege Jørn V. Sagen (medisinsk fagleg). Fagbioingeniør Kristin Haagensen (praktisk/teknisk)                                        
Telefon: 55 97 78 11 (medisinsk fagleg), 55 97 32 50 (praktisk/teknisk)                                                       
Epost: hormonlaboratoriet@helse-bergen.no

For meir informasjon, sjå Analyseoversikten