Lab info: Endra haldbarheit og prøvehandtering for hormonanalyser

Insulin, Insulin C-peptid og veksthormon har kortare haldbarheit enn tidlegare angitt. Dette medfører endra prøvehandtering og sending frå 11.06.2018.

​Prøvetaking: Serumrøyr med gel for alle tre analyser



Prøvebehandling:
Insulin: Sentrifuger og separer serum frå gelrøyr til plastrøyr innan 1 time etter prøvetaking. Serum må bli fryst med ein gang.
Insulin c-peptid og veksthormon: inga endringar
 
Sending:
Insulin : prøva må bli sendt frosen til laboratoriet.
Insulin C-peptid  og  veksthormon: Ved behov for å oppbevare prøve i kjøleskap før sending, merk prøven med «tatt ut av kjøleskap: dato/klokkeslett», slik at haldbarheita kan bli kontrollert ved  laboratoriet.
 
Indikasjon for insulin / insulin c-peptid:
Hovudindikasjon for s-insulin er utgreiing av hypoglykemi av ukjend årsak. Dersom formålet er evaluering av insulinresistens og insulinsekresjon (skilje mellom type 1 og type 2 diabetes) er c-peptid betre, då dette er meir stabilt. Nivå av insulin og insulin c-peptid må ein alltid sjå i samanheng med det aktuelle blodsukkeret på prøvetakingstidspunktet.
Indikasjon for veksthormon:
Utgreiing av veksthemming, gigantisme eller akromegali. NB! Veksthormon bør ikkje bli rekvirert aleine, men alltid saman med IGF-1 hjå vaksne og IGF-1+IGF-BP3 hos barn.
For meir informasjon, sjå www.analyseoversikten.no eller ta kontakt med kontaktperson (sjå nedanfor)

Ansvarlig avdeling: Hormonlaboratoriet
Kontaktperson: Charlotte Brunstøl, fagbioingeniør (praktisk/teknisk). Avdelingssjef Jørn V. Sagen (medisinsk fagleg)
Telefon: 55 97 43 80 (praktisk/teknisk), 55 97 78 11 (medisinsk fagleg)
E-post: hormonlaboratoriet@helse-bergen.no