Lab-info: Endra eining for HbA1c

Frå 30. september 2018 blir rapporteringseininga for HbA1c endra frå % til mmol/mol.

Nasjonalt fagråd for diabetes vedtok tidlegare i år at eininga for HbA1c skal endrast frå % til mmol/mol i Noreg. Dei fleste andre landa i Europa bruker allereie eininga mmol/mol. Frå og med 30. september vil alle sjukehuslaboratorium rapportere HbA1c i mmol/mol, og gammal eining vil ikkje lenger bli rapportert.
Resultat oppgitt i % er basert på NGSP-standard, mens resultat oppgitt i mmol/mol er basert på IFCC-standard. Samanhengen mellom % og mmol/mol er gitt med likninga:

HbA1cNGSP [%] = 0,09148 * HbA1cIFCC [mmol/mol] + 2,152

Det finst kalkulatorar for å rekne om mellom HbA1c målt i mmol/mol og %, for eksempel på NOKLUS sine heimesider (www.noklus.no). Følgjande omrekningstabell kan også brukast:

HbA1c mmol/mol

HbA1c %

26

4,5

31

5,0

37

5,5

42

6,0

48  1)

6,5

53  2)

7,0

58

7,5

64

8,0

69

8,5

75

9,0

80

9,5

86

10,0

97

11,0

108

12,0

1) Diagnostisk grense

2) Behandlingsmål for dei fleste med diabetes type 1 og 2


Sjå også: www.analyseoversikten.no.

Ansvarleg avdeling: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)
Medisinskfaglege spørsmål: Vegar Engeland Haugen, tlf. 55 97 33 80
Praktisk/tekniske spørsmål: Fagbioingeniør Berit Storvik Brendehaug, tlf. 55 97 31 38
E-post: medisinsk.biokjemi@helse-bergen.no