Lab-info: Endra anbefalingar for cervix-screening

Ei gruppe nedsett av Rådgjevingsgruppa for Livmorhalsprogrammet, har utarbeida dei nye algoritmane som angjev korleis prøver frå cervix skal følgjast opp. Algoritmen er behandla av Rådgjevingsgruppa og godkjent av styringsgruppa for Livmorhalsprogrammet.

Bakgrunn

I eit arbeid for å optimalisere algoritmane har gruppa lagt vekt på at lik diagnose skal få same oppfølging uavhengig av kva primær screeningtest som nyttast. 

Ny algoritme fra 1. juli 2018

Algoritmen har ikkje tilbakeverkande kraft, dvs. at kvinner som tar ei oppfølgingsprøve skal følgje gammal algoritme fram til 1. juli 2019.


Konsekvens

HPV-genotype vektleggjast meir, i kombinasjon med cytologisk resultat. Dette er basert på resultat-/risikovurdering.
Den største forskjellen er at normal cytologi ved HPV positiv utanom 16/18 anbefalast å vente 24 månadar før kontrollprøve, slik at infeksjon har moglegheit til å gå i regress og biopsi kan unngåast. HPV16 og 18 positive abnorme prøver vil følgjast tettare. 


Svar frå laboratoriet

Prøvesvar, inkludert negativt HPV-resultat, vil framleis sendast til rekvirent frå laboratoriet. Dersom kvinner over 34 år kjem til rutineprøve oftare/ før anbefalt, vil prøva undersøkjast med HPV. Høve til reservasjon mot HPV-testing er bortfalt.


Opphøyr av negative svarbrev frå Kreftregisteret

Kreftregisteret vil slutte å sende ut negativt svarbrev til kvinner med negativ primær HPV-test frå 1. juli 2018. Kreftregisteret vil sende påminning når det nærmar seg tid for neste anbefalte prøve, dersom ikkje prøve allereie er tatt.


Symptom

Har kvinna symptom bør anna prøvetaking enn celleprøve frå cervix vurderast: pipelle, tilvising til gynekolog, anna. Relevante kliniske opplysningar er framleis naudsynt.
Meir informasjon:

Livmorhalsprogrammet på kreftregisteret.no

Oppfølging og kontrollar på legeforeningen.no

Flytskjema Lab-info.png

Ansvarleg avdeling:

Avdeling for patologi, Seksjon for cytologi
Kontaktperson: Seksjonsoverlege Hans Kristian Haugland
Telefon: 55973280 / 55977060 08-15:00