Det vert no starta opp ei utrulling på 10 kontor kvar veke av elektroniske prøvesvar.
Legekontora som står for tur vil bli kontakta fortløpande.
I dei to første vekene med elektroniske prøvesvar, vil det samstundes bli sendt papirsvar slik at ein kan kontrollere at alle prøvesvar kjem inn. Vert ingen manglar rapportert i denne perioden, blir utsending av papirsvar automatisk stoppa.
Elektroniske prøvesvar frå Avdeling for patologi er høgt etterspurt, og vi vonar å få løysninga ut til alle våre rekvirentar så raskt som mogleg.
Dersom de har spørsmål kring dette, ta kontakt med seksjonsleiar Elisabeth Thunstrøm.
Ansvarleg avdeling:
Avdeling for patologi
Kontaktperson: Seksjonsleiar Elisabet Thunstrøm
Telefon: 55 97 32 14
Epost: anna.elisabeth.thunstrom@helse-bergen.no