ZnT8a er ein markør for autoimmun diabetes og har høgare førekomst jo lågare alder er ved sjukdomsdebut. Mengda antistoff minkar dei første åra etter at diabetesdiagnosen er stilt.
Indikasjon
Utgreiing ved mistanke om type 1 diabetes mellitus eller LADA (Latent autoimmune diabetes of the adult) i tilfelle der det er funne negative GAD- og IA2-antistoff (og eventuelt negativt insulinantistoff hjå barn).
Tolking
Negative prøvar < 15 u/mL
Prøvetaking og handsaming
- Prøve tas på røyr med gel.
- Sentrifuger og avpippeter serum frå gel innan to timar etter prøvetaking.
- Ønska minstevolum er 0,2 ml serum.
- Serum skilt frå gel er haldbar tre dagar ved 2-8°C og i 30 dagar i frys (-20°C)
Svarrapportering
Analysen vert utført kvar 2.-3. veke. Forventa svartid er tre veker, med maksimal svartid på fire veker.
Sjå www.analyseoversikten.no for meir informasjon.
Ansvarlig avdeling: Hormonlaboratoriet
Kontaktperson: Avdelingssjef Jørn V. Sagen
Telefon: 55 97 43 96
E-post: jorn.vegard.sagen@helse-bergen.no