Lab-info: Deksametason

Deksametason kan no bli rekvirert i samband med deksametasonhemmingstest.

Kortisol-deksametasonhemmingstest («1 mg over natt») er ein mykje brukt screeningtest for hyperkortisolisme (Cushing’s syndrom). Deksametason har varierande biotilgjengeligheit og på grunn av dette kan det vera ønskeleg å måla deksametason-nivået for å unngå falsk positive testar grunna lav serumkonsentrasjon av deksametason.
Studien «Simultaneous assays of cortisol and dexamethasone improved diagnostic accuracy of the dexamethasone suppression test» (Ueland et al 2017) viste at det å samtidig måle serum deksametason og kortisol, reduserte mengda falskt positive testar og dermed auka spesifisiteten. I denne studien fann ein at eit deksametasonnivå >3,3 nmol/L er tilstrekkeleg.

Indikasjonar:

Deksametason kan bli rekvirert i lag med kortisol ved deksametasonhemmingstest.
Prøvetaking og volum:
Sjå www.analyseoversikten.no. Kortisol og deksametason blir analysert i same prøvemateriale.
0,5 mL serum (250 μL kan nyttast for born). Sentrifuger prøven innan 2 timar.

Referanseområde:

Sjå studie “Simultaneous assays of cortisol and dexamethasone improved diagnostic accuracy of the dexamethasone suppression test” (Ueland et al 2017) for vurdering av verdi, eller kontakt laboratoriet ved spørsmål.

Ansvarlig avdeling:

Hormonlaboratoriet

Kontaktperson:

Nina Magnusson Talgø, fagbioingeniør (praktisk/teknisk).
Avdelingssjef Jørn V. Sagen (medisinsk fagleg)

Telefon:

55 97 43 80 (praktisk/teknisk), 55 97 78 11 (medisinsk fagleg)

E-post:

hormonlaboratoriet@helse-bergen.no