Lab-info: Cervix væskebasert i DIPS Interactor

Frå 01.november 2018 blir krav ved utfylling av cervix væskebasert bestilling i DIPS Interactor endra.

Krav til utfylling av «Kliniske opplysninger» utgår. Nytt krav innført: «Årsak til cervixprøve» må no fyllast ut.

For analyse/teneste «Cervix væskebasert» er det ikkje lenger eit krav om at «Kliniske opplysninger» må fyllast ut, men feltet kan brukast ved behov. Sjå grøn ring på bildet:

Sjå grøn ring på bildet.



I staden må «Årsak til cervixprøve» veljast; Screening (rutine), Symptom eller Kontroll/oppfølging.

Valet vil avgjere om det skal utførast primær HPV-undersøking eller mikroskopering for kvinner som inngår i «Masseundersøkelsen mot livmorhalskreft», ut frå dei oppdaterte retningslinene frå Kreftregisteret når det gjeld oppfølging ved HPV primærscreening.


For meir informasjon, sjå HPV i primærscreening

Ansvarleg avdeling: Avdeling for patologi

Kontaktperson: Hans Kristian Haugland
Telefon: 55 97 31 79
E-post: hans.kristian.haugland@helse-bergen.no