Lab-info: Bruk av høge dosar biotin kan gje falskt høge eller låge blodprøveresultat

Biotin i høge dosar påverkar resultata for nokre analysar. Resultata kan bli enten for høge eller for låge fordi biotin inngår i reagensa som blir nytta til analysen (sjå oversikt i tabell).

Biotin er eit vassløyselig vitamin (B7) som blir brukt i reagens i nokre analysemetodar. Dersom ein pasient tek biotin i høge dosar, meir enn 5 mg per døgn, vil dette kunne påverke analysen og gje feil resultat. Enkelte helsekostpreparat med høgdose biotin (inneheld inntil 5-10 mg per tablett),  kan påverke analyseresultata i inntil 8 timar etter inntak. Dei siste åra er det også publisert nokre mindre studiar med bruk av høgdose biotin ved multippel sklerose. Dette er foreløpig ikkje etablert behandling i Noreg, men enkelte pasientar tek likevel dette preparatet. Slike høge dosar vil kunne gje stor grad av påverknad av analyseresultatet i inntil 7 døgn etter inntak. Biotin blir også brukt i høge dosar (2-15 mg/kg kroppsvekt) ved enkelte medfødde metabolske sjukdommar.

Vanlege vitamintablettar inneheld betydeleg lågare dosar enn 5 mg og kan brukast utan at det vil påverke analyseresultata.

Tiltak:
Pasienten må avstå frå inntak av biotin frå 8 timar til 7 døgn (avhengig av dose, sjå over) før prøvetaking. Ved behov for ØH analysering (til dømes analyse av troponin hos pasientar med akutte brystsmerter) eller dersom pasienten blir behandla for metabolsk sjukdom og ikkje kan seponere medikamentet, må rekvirent kontakte Laboratorium for klinisk biokjemi og informere om bruk av biotin (dose/tidspunkt).

Informasjon om kva analysar som blir påverka er gitt på side 2, men kan bli endra på sikt. Hos pasientar som brukar høgdose biotin bør ein derfor alltid sjå www.analyseoversikten.no for oppdatert informasjon.

Ansvarleg avdeling:
Laboratorium for klinisk biokjemi og Hormonlaboratoriet

Kontaktperson:
Medisinsk faglege spørsmål: Overlege Kristin M Aakre              
Praktisk/tekniske spørsmål: Fagbioingeniør Kristin Haagensen, tlf.: 55 97 32 50
E-post: kristin.moberg.aakre@helse-bergen.no eller kristin.haagensen@helse-bergen.no



Tabell med oversikt over analysar som blir påverka og korleis dei blir påverka av biotin.

labinfo.jpg