Lab-info: Bestilling av sædprøve

Frå 01.04.2016 må ein sende tilvising når ein bestiller time til sædundersøkingar.

 

​Dette gjeld alle som skal tilvise pasientar til undersøking av sædkvaliteten.

Frå 1. april 2016 vil pasientar som har behov for undersøking av sædprøve, få time til innlevering av prøve via DIPS. Det vil difor vere nødvendig at ein sender ei tilvising på førehand (skjema nr.02291, «undersøkelse av sæd», utgår).

Tilvising til sædprøve treng ikkje å innehalde lange utgreiingar; det er nok at det står ‘’tilvist til sædprøve grunna infertilitet’’ eller ‘’tilvist til kontroll etter vasectomi utført (dato)’’.

Pasientar som ikkje møter til oppsett time må sjølv ta kontakt for vidare oppfølging.

Tilvisinga skal sendast til Kvinneklinikken, generell gynekologi.

Ansvarleg avdeling: Laboratorium for klinisk biokjemi, Kvinneklinikken
Kontaktperson: Seksjonsleiar Merete Litleskare
Telefon: 55 97 66 49
Epost: merete.knudsen.litleskare@helse-bergen.no