Lab-info: Berekning av Kalsiumekskresjonsratio

Frå 15.05.17 vil LKB tilby berekning av Kalsiumekskresjonsratio (CaE).
CaE vert brukt for å skilja mellom primær hyperparatyreoidisme og familiær hypokalsurisk hyperkalsemi.

 

Bakgrunn
Ratioen kan no rekvirerast som eigen analyse. Den vert rekna ut vha av formelen:

𝐶𝑎𝐸= u‐kalsium x s- kreatinin

                       u‐kreatinin

Tolking
CaE < 14 μmol/L gir ein spesifisitet på 95 % og ein sensitivitet 62 % for diagnosen familiær hypokalsurisk hyperkalsemi (FHH). (1)
Bestilling
Berekninga kan rekvirerast i DIPS under analysegruppa «Annet prøvemateriale» med analysenamn kalsiumekskresjonsratio. For rekvirentar som nyttar DIPS Interactor finn ein berekninga i mappa for Klinisk kjemi/ Urin under U-Kalsium. Rekvirentar som nyttar rekvisisjonsskjema skriv på «CaEr» (r for ratio) under kommentarfeltet «ANDRE ANALYSER» for å få rekvirert analysen.


Prøvemateriale
0,5 mL serum
5 mL urin tatt standardisert


Pasientførebuing:
Pasienten må faste og unngå medisinar som inneheld kalsium den morgonen prøven tas.
Pasienten tømmer blæra om morgonen. Deretter levere pasienten urin frå andre vasslating.
Serumprøve og urinprøve må tas same dag.

Ansvarleg avdeling: Laboratorium for klinisk biokjemi
Kontaktpersonar: Siw Grinde (praktisk/teknisk) eller Morten Isaksen (medisinsk fagleg)
Telefon: 55 97 3136 eller 55 97 3146
E-post: LKB@helse-bergen


Referanser
1. Anders P. Jørgensen; Kiarash Tazmini. Nasjonal veileder i Endokrinologi 2015 [19.04.2017]. Available from: http://www.endokrinologi.no.