Prøvar til analyse av antimüllerhormon (AMH) treng ikkje lengre frysast før dei vert sendt til laboratoriet.
Nye forsøk viser at AMH er stabil i 7 dagar på avpipettert serum i romtemperatur. Prøven kan difor sendast laboratoriet med vanleg postgang.
Prøvetaking:
Røyr med gel.
Sentrifuger prøven innan 2 timar etter prøvetaking, og overfør serum til plastrøyr.
Analysevolum: 0,2 mL serum
Indikasjon:
Vurdering av ovarial reserve for å føresjå responsen på kontrollert ovarial stimulering og diagnostisering av born med forstyrringar i kjønnsutvikling. Sjå og www.analyseoversikten.no for meir informasjon.
Vi gjer merksam på at AMH berre kan rekvirerast av spesialistar innan gynekologi, endokrinologi og barne-endokrinologi.
Ansvarlig avdeling:
Hormonlaboratoriet, Laboratorieklinikken, Haukeland univ. sjukehus
Kontaktperson: Avdelingssjef Jørn V. Sagen
Telefon: 55 97 43 96
E-post: jorn.sagen@helse-bergen.no
Av:
Hormonlaboratoriet