Lab-info: Albuminkorrigert kalsium

Endring av formel for albuminkorrigert kalsium frå 06.06.18

Bakgrunn
I plasma er omlag halvparten av kalsium bunde til ulike protein, der albumin er viktigast. Det er fritt kalsium som er biologisk aktivt og som er strengt regulert, medan total kalsium varierer med proteinmengda i plasma. Ved avvikande albuminkonsentrasjon er albuminkorrigert kalsium eit betre mål for den biologiske aktiviteten av kalsium enn total s-kalsium. LKB har frå 2014 nytta Berrys formel for albuminkorrigering av kalsium for pasientar over 18 år, og som har s-albumin konsentrasjon < 39 g/L.

Endring
Gjennomgang av analyseresultat viser at hos pasientar med lågt albumin gir Paynes formel for albuminkorrigert kalsium fleire korrekte resultat enn Berrys formel når ein samanliknar med ionisert (fritt) kalsium som er gullstandard.
Derfor endrar vi formel for å albuminkorrigere s-kalsium til Paynes formel: s-Ca korrigert = s-Ca + 0,0200 x (40 – [s-Alb]). Albumin korrigert kalsium vil framleis berre bli berekna for pasientar med serum albuminkonsentrasjon <39 g/L.

Indikasjon
Albuminkorrigert kalsium bør nyttast ved mistanke om avvikande albuminkonsentrasjon. Hos barn og pasientar med påvist kalsium- eller syrebaseforstyrring bør ein måle ionisert (fritt) kalsium.
For pasientar innlagt i sjukehus blir s-albumin og albuminkorrigert kalsium automatisk rapportert når s-kalsium blir bestilt. For pasientar frå primærhelsetenesta blir albuminkorrigert kalsium rapportert berre dersom både s-kalsium og s-albumin er rekvirert. Albuminkorrigert kalsium kan også rekvirerast som ein eigen analyse.

Referanseområde for albuminkorrigert kalsium:
> 18 år: 2,20 - 2,55 mmol/L

Tolking
Albuminkorrigert kalsium er ein berekna verdi basert på pasienten sin kalsium- og albuminkonsentrasjon. Analyseresultatet skal tolkast på same måte som s-kalsium.


Ansvarleg avdeling: Laboratorium for klinisk biokjemi
Kontaktperson: Fagbioingeniør Brita Kornberg Bjørke (tekniske spørsmål), overlege Kristin M Aakre (medisinsk faglege spørsmål)
Telefon: 55 97 31 21 (teknisk) /55 97 43 87 (fagleg)
E-post: brita.kornberg.bjorke@helse-bergen.no eller kristin.moberg.aakre@helse-bergen.no