Kvalitetsforbetringsprosjekt i SOReg-N

SOReg-N har tatt initiativ til eit kvalitetsforbetringsprosjekt som skal auke talet på pasientar som får oppfølging etter fedmekirurgi.

​Tal frå registeret viser at det er færre pasientar enn ønskjeleg som får kontrollar 1 og 2 år etter operasjon, og at det er stor variasjon mellom sjukehusa. Prosjektet som har fått midlar frå SKDE vil også kunne aukekunnskapen om systematisk kvalitetsforbetring generelt ved dei deltakande sjukehusa.

Første samling på Gardermoen

Fem sjukehus frå ulike deler av landet har meldt seg på, og torsdag 7. februar hadde vi den første samlinga for prosjektet på Gardermoen. Representantar frå dei ulike sjukehusa fekk ei grunnleggjande innføring i metodikk for systematisk kvalitetsforbetringsarbeid, og fekk teste ut metodane i grupper.

Dagen starta med innspel frå brukarrepresentant Eva Aarskog, som hadde gjort ei uformell spørjing blant tidlegare opererte om kontrollar. Linn Jeanette Waage frå Fagsenter for medisinske kvalitetsregistre i Helse Vest hadde så ei innføring i kvalitetsforbetringsarbeid.

: Brukarrepresentant Eva Aarskog la fram nyttige innspel frå pasientane.

Brukarrepresentant Eva Aarskog la fram nyttige innspel frå pasientane.


Deretter presenterte sjukehusa kvart sitt flytskjema med oversikt over korleis kontrollar vert avvikla på dei ulike avdelingane.

Etter lunsj fekk vi ein kort introduksjon til fire reiskap i kvalitetsforbetringsarbeidet: idémyldring, fiskebeinsdiagram, drivardiagram og prioriteringsmatrise. Deltakarane blei delt i grupper, og fekk teste ut metodane i praksis.

Gruppearbeid sortering av idear.

Gruppearbeid sortering av idear.


Mot slutten av dagen hadde Hilde Skjerve frå Fagsenter for medisinske kvalitetsregistre i Helse Vest eit foredrag om teamet i kvalitetsforbetringsarbeid.

Vegen vidare

Målet for dagen var å gje inspirasjon og kunnskap slik at deltakarane kan starte med kvalitetsforbetring på avdelingane. Etter den første kursdagen skal deltakarane danne grupper på avdelingane som skal utarbeide ein plan for det vidare lokale arbeidet med prosjektet.

Før neste samling i april skal kvar avdeling presentere resultatet av planleggingsarbeidet sitt ved å sende inn ein poster som presenterer kva tiltak dei skal teste ut i praksis.