Forsking og utvikling

Forsking og utvikling er ein viktig del av aktiviteten ved hormonlaboratoriet. Vi deltek i fleire forskningsprosjekt innan endokrinologi, biokjemi og molekylærbiologi. Utvikling av nye massespektrometriske analysemetodar (LCMSMS) står sentralt. Denne gullstandardmetodikken vert nytta både i forskingprosjekta og i rutinedrifta.

Analysar for forskingsprosjekt 

Hormonlaboratoriet kan, som dei andre avdelingane i laboratorieklinikken, bidra med analyse og vurdering av prøvar frå forskingsprosjekt som er initiert ved sjukehusavdelingar, universitet og andre forskingsinstitusjonar. Informasjon om prosjektsamarbeid​ med laboratorieklinikken er samla på eiga nettside.​​​

Frå 1. juni 2018 vil Hormonlaboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus kunne etablere metodar for ulike biomarkørar vi i dag ikkje har på rutine repertoaret, men som kan vere nyttige i forskingssamanheng. Det er førebels først og fremst ulike automatiserte immunoassay og manuelle ELISA eller RIA metodar som vil kunne utførast. Det vil seie dei fleste hormon- og peptidanalyser. Andre testar (dvs. LC-MS metodar) vil kunne vurderast dersom det er etterspurt. Det analytiske arbeidet vil utførast til kostpris.

Hormonlaboratoriet vil ila sommaren 2018 bli akkreditert etter ISO standar 15189, og kan tilby analytisk arbeid av høg kvalitet. Vi vil bestemme analytisk variasjon, noko som er nødvendig informasjon ved publisering, for alle komponentar og vi kan bidra med rådgjeving eller uttesting mtp kva som er den mest hensiktsmessige analysemetode for den aktuelle biomarkøren. Vi vil også kunne bidra med rådgiving og akademisk samarbeid innanfor endokrinologisk, ernærings og fedmerelatert forsking.

Utvikling av massespektrometriske analysemetodar 

Dette er eit hovudsatsingsområde ved Hormonlaboratoriet. Metodikken er særleg eigna til analyse av småmolekylære substansar, og nyttast hos oss blant anna for måling av vitamin D og steroidhormonar. Vi har fleire analysar under utvikling, og fleire av forskingsprosjekta er knytt opp mot bruk av LCMSMS. Utviklingsarbeidet vert leia av FoU-leiar.

Forskingsgruppa​​​​​​​​​​

Forskingsgruppa ved Hormonlaboratoriet består av legar og forskarar, doktorgradsstipendiatar, postdoktorstipendiatar, mastergradsstudentar og teknisk tilsette. Gruppa er og knytt til Klinisk institutt 2 (K2), Universitetet i Bergen. 
Hovudfelta er: 
Fedme og diabetes
Hormonar og brystkreft

Massespektrometri og steroidhormonar
Vitamin D, osteoporose og hyperparatyreoidisme      

Biobankar

Hormonlaboratoriet er ansvarleg for fleire biobankar som er knytta til våre hovudsatsingsområder. Du kan finne meir informasjon om biobankane, opplysningar om prosjekter som nyttar materiale og opplysningar frå innhaldet i biobankane, og kontaktinformasjon på eiga nettside. 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.