Vestnorsk forskningsbiobank for overvekt (VFO)

Fedme og overvekt er ei stor utfordring for folkehelsa. Vi ynskjer auka kunnskap om kva faktorar som bidreg til og opprettheld overvekt og fedme.

​​​​​​​​​​​​​Høg vekt er i seg sjølv er ei belastning. Men fedme er og knytta til mange ulike sjukdommar som type 2 diabetes mellitus, hjarte- og karsjukdommar og nokre typar kreft. Gode behandlingar og førebyggande tiltak kan difor betre mange menneske si helse og spare samfunnet for store utgifter.

VFO er ein generell biobank som inneheld blodprøver, urinprøver og feittvev. Føremålet med biobanken er å sjå nærare på samspelet mellom arv og miljø i utviklinga av overvekt, prøve å finne ut av korleis fedme heng saman med livsstilssjukdommar, sjå på korleis reguleringa av gener  og proteinar kan seie noko om korleis feittceller fungerer samt kartleggje endringar i kroppen som følgje av overvektskirurgi. Vi ynskjer og å finne ut kvifor nokon blir sjuke av å vere overvektige, mens andre kan tole det betre. ​​

Auka kunnskap om feittvevet sin funksjon kan gje grunnlag for nye behandlingsmetodar i framtida. Forskinga som vert utført no er viktig både for oss som er dagens pasientar, men også for kommande generasjonar. Det er sjølvsagt frivillig å delta.  Tryggleik og personvern for alle som bidreg til biobank er særs viktig og deltakarane kan trekkje tilbake sitt samtykke om dei sjølv måtte ynskje det.

Les meir om personvern og biobank ved Hormonlaboratoriet

Kven er vi?

VFO høyrer til Hormonlaboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus, men vi samarbeider med fleire andre sjukehus på vestlandet om prøveinnsamling og studiar.

For tida samarbeider vi tett med sjukehus i :

Helse FonnaHelse FørdeHelse StavangerHaraldsplass Diakonale SjukehusAleris sjukehus i Marken i Bergen

Frå hausten 2014 vil også Voss sjukehus​ vere med som bidragsytar. Forskarar som er knytt til Klinisk Institutt 2 ved Universitetet i Bergen​  er med på å utvikle og gjennomføre studiar knytt til biobanken. ​

Har du spørsmål eller ønskar å gi oss ei tilbakemelding?
Kontakt oss på e-post: VFO@helse-bergen.no

Prosjekt knytta til VFO

Adipogen-studiane

Dette er fleire studiar  med vev frå overvektsopererte pasientar ved Haugesund og Førde. Vevet blir nytta til å studere effekta av bariatrisk kirurgi og korleis dette påverker feittceller.

Vi trur at effekta av operasjonen er mykje meir enn at ein et mindre, og overvektsoperasjonar har vist seg å vere særs effektiv behandling for til dømes diabetes mellitus type 2.

Vi samarbeider med forskarar blant anna ved i USA, Tyskland og i Spania. Slik sikrar vi at vevet blir undersøkt på best mogeleg måte – med dei beste metodane av høgt kvalifiserte forskarar.

Feitt Vest

Kirurgisk behandling av sjukeleg overvekt er blitt ei etablert behandling i Noreg. Etterkvart er det dokumentert god effekt med vektreduskjon både av kort og lang varigheit. Kva metode ein skal nytte er mykje diskutert av fagpersonell.

Ved sjukehusa i Helse Vest vert det nytta ulike operasjonsmetodar, noko som gjer at vi kan samanlikne dei ulike kliniske og biologiske effektane mellom metodane. Slik kan vi vere med på sikre at det blir gjort gode behandlingsval i framtida, og kanskje vert behandlingstilbodet til pasientane betre tilpassa til kvar enkelt derom vi får meir kunnskap om kva som eigentleg skjer i kroppen ved slike inngrep.

Vev frå denne studia blir ein del av biobanken og kan nyttast til å studere biologiske effektar av overvektsoperasjon, samt gi oss meir informasjon om korleis ulike medisinske tilstandar kan knyttast til feittvevet sin funksjon.

Frisk feitt vest

For å kunne finne ut kva som skil naturleg slanke frå dei som har utvikla overvekt treng vi vev frå slanke og stort sett friske personar.

Ved brokkoperasjon er det enkelt å ta prøver utan at dette fører til særleg ekstra ubehag hos pasienten, så vi samlar inn vev i forbindelse med brokkoperasjonar på Haraldsplass Diakonale Sjukehus. Kanskje kan vi ved å nytte dette vevet finne mekanismar som gjer at nokon held seg naturleg slankare og friskare enn andre.

Feittceller i kultur

I samarbeid med Christian Busch ved Aleris sjukehus i Bergen spør vi om dei som fjerner feittvev der vil gi det til oss i staden for at det blir destruert, slik at vi kan nytte det i forskinga vår. Mennesker er ikkje mus, og det å kunne forske på menneske-feittceller i cellekulturar gir uvurderlig informasjon om menneskelege feittceller sin biologiske funksjon. Dette kan gi svar på spørsmål som forsking på celler frå andre artar ikkje kan gje informasjon om.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.