Nutrition Biobank

Vi ønsker ny kunnskap om samanhengen mellom kva du et og korleis helsa di utviklar seg.

​Forskarar ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen har i samarbeid oppretta ein generell forskingsbiobank for innsamling og lagring av biologisk materiale til dette føremålet.

Laboratorieteknologi og forskingsmetodar er heile tida i utvikling, og ny kunnskap leier til nye forskingsspørsmål. Difor er det viktig å ta vare på det biologiske materialet vi samlar inn slik at det kan nyttast seinare.

I tillegg til laboratorieundersøkingar vil vi i nokre tilfelle samle inn opplysningar om deg frå undersøkingar gjort på sjukehuset. Det er frivillig å medverka, og for å kunna gjera denne forskinga er ein avhengig av at deltakarane gjer sitt samtykke.

Vi er takksame for at du medverkar til biobanken og ny kunnskap for framtida.

Nokre av prosjekta knytt til biobanken

Underernæring hos pasientar ved Haukeland universitetssjukehus

I samband med forskingsprosjektet «Underernæring hos pasientar ved Haukeland universitetssjukehus» er du invitert til å medverka til biobanken.

Målet med dette forskingsprosjektet er å sjå korleis det å vere underernært eller i risiko for underernæring ved innlegging på sjukehus henger saman med seinare eventuell sjukdomsutvikling og dødelegheit.
Vi håpar at denne forskinga kan gi ny kunnskap som kan føre til betring av helse- og ernæringstiltak for pasientar med underernæring.

For meir informasjon

Ta gjerne kontakt med Jutta Dierkes:

Jutta.dierkes@uib.no