Hormon­laboratoriet

Hormonlaboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus er det eldste spesiallaboratoriet for hormonanalysar i Noreg.

Læra om hormonsystemet kallast også endokrinologi. Endokrinologiske utgreiingar omfattar i stor grad måling av hormonkonsentrasjonar i serum / plasma, urin og spytt.

Les meir om Hormonlaboratoriet

Hormonlaboratoriet

Hormonlaboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus er det eldste spesiallaboratoriet for hormonanalysar i Noreg.

Læra om hormonsystemet kallast også endokrinologi. Endokrinologiske utgreiingar omfattar i stor grad måling av hormonkonsentrasjonar i serum / plasma, urin og spytt.

Seksjonar og aktivitet

Om oss

 

Det eldste spesialaboratoriet for hormonanalysar i landet
Hormonlaboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus vart opna allereie i 1953. Sidan da har mykje endra seg innan analysemetodikk og analyserepertoar. Laboratoriefasilitetane har og endra seg, i takt med metodeutviklinga. I 2009 flytta vi inn i nye og moderne lokale i 8. etasje i Laboratoriebygget.

Vi kan i dag analysera rundt 50 ulike hormonar. Mange av analysane er basert på immunologisk teknikk, både heilautomatiske metodar og manuelle benkemetodar. Vi kan tilby måling av vitamin D og fleire steroidhormonar ved hjelp av eigenutvikla metodar basert på kromatografi og massespektrometri (LCMSMS). Hormonlaboratoriet har to analyseseksjonar, Seksjon for automat- og spesialanalysar og Seksjon for kromatografiske analysar og massespektrometri.

I tillegg til å betene klinikarane i diagnostikk og oppfølging av pasientar er verksemda retta mot å auke kunnskapen om fagfeltet. Forsking skjer i nær samhandling med Universitetet i Bergen. Utviklingsarbeidet er retta mot metodeutvikling, særleg innan massespektrometriske analysemetodar (LCMSMS). Vi deltek og i undervising av studentar og helsepersonell.

Staben vår er sett saman av folk med ulik fagleg bakgrunn. Her arbeider bioingeniørar, ingeniørar, realistar og legar.

Seksjon for automat- og spesialanalysar

 

Hormonanalysane ved seksjonen omfattar radioimmunologiske (RIA) metodar, enzym-linked immuno-sorbent assay (ELISA) metodar, og kjemiluminescens metodar. 

Heilautomatiske analysemaskinar nyttast for dei største volumanalysane, mens spesialanalysane vert utførde med manuelle metodar (benkeanalysar).


Seksjon for kromatografiske analysar og massespektrometri

 

Vitamin D og fleire steroidhormonar i serum/plasma, spytt og urin vert målt med kromatografiske og massespektrometriske analyseteknikkar
(High Pressure) Liquid Chromatography Mass Spectroscopy (LCMSMS) er ein avansert, sensitiv og spesifikk analysemetodikk som for ein stor del tek bort kryssreaktivitet frå andre liknande stoff. Dette gir ein stor kvalitetsgevinst når ein skal analysere pasientprøvar, og metodikken blir kalla ein gullstandard for ei rekkje klinisk viktige analyttar. For nærare informasjon om LCMSMS, sjå og Nytt og Nyttig, utgåve nr 1-2013 .

Alle LCMSMS-metodane våre er utvikla ved laboratoriet.

 


For rekvirentar

Nokre av hormonanalysane krev særlege førehandsreglar under prøvetaking, handsaming og transport. Fleire av analysane krev at prøven vert teke under standariserte vilkår.

I Analyseoversikta og på rekvisisjonskjemaet finn ein korte merknadar om forhold av særleg betyding for dei enkelte analysane.

For at laboratoriet skal vere i stand til å gi eit mest mulig meiningsfylt svar, er det særs viktig at rekvirenten gir relevante kliniske opplysningar.

I nyheitsavisa Nytt og nyttig finn du informasjon om hormonanalysar, forsking og aktuelle hendingar ved avdelinga.

Aktuelt


Søk jobb hos oss

Hormonlaboratoriet er ein arbeidstad med høg trivsel blant medarbeidarane. Det vert arbeida målretta med å halda dette ved like. Kvardagane er prega av høgt tempo, og det er naudsynt med godt samarbeid og lagånd.
Staben vår inneheld folk med ulik fagleg bakgrunn og utdanning. Vi har bioingeniørar, ingeniørar, realistar og legar. Ved laboratoriet legg vi tilrette for at dei ansatte får gode høver for både personleg og fagleg utvikling.


Dei fleste bioingeniørane og ingeniørane er involvert i analysearbeid og systematisk kvalitetsarbeid ved dei to seksjonane, Seksjon for automat og spesialanalysar og Seksjon for kromatografiske analysar og massespektrometri. Legane er knytt til seksjonane og står mellom anna for den medisinske valideringa av prøvesvar.

Fleire av dei ansatte, særleg legane og realistane, har forskerkompetanse og deltek aktivt i meodeutvikling og forskningsprosjekt knytta til satsingsområda våre innen Forsking og utvikling.

Alle som søkjer jobb i Helse Bergen og Hormonlaboratoriet må registrere CV'en og søknaden sin via nettsidene til Helse Bergen.


 

Kontakt

Oppmøtestad
Laboratoriebygget, 8. etasje. Heisen i vestfløyen.
Telefon
Telefon: 55 97 43 80 , Telefaks: 55 97 61 75
Opningstider - svar på rutineprøvar måndag-fredag, kl. 07.30-15.00
E-post

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.