Forskingsprosjektet er unikt i sitt slag ved at ein ser både på arvelege faktorar (mutasjonar i arvestoffet), faktorar som bakterie/virus infeksjonar i tillegg til miljø og livsstils faktorar.
Vel 500 kvinner skal med- der omlag 200 skal vere friske kvinner frå befolkninga og 200 skal vere personar som nyleg har fått ein kreftdiagnose (eggstokk eller livmor), eller at dei har fått påvist arveleg genetisk feil som gjer at dei har auka risiko for å utvikle utvalde krefttypar.
Prosjektet har rekruttert deltakarar sidan januar 2016, og mange er blitt inkluderte. Gruppa for friske kvinner er fylt opp, medan personar som nyleg har fått ein kreftdiagnose blir kontakta når dei kjem til samtale på Kvinneklinikken.
Kven kan framleis delta?
Kvinner som er bærare av sjukdomsgena BRCA1 / BRCA2 (bryst- og eggstokkreft-gen ) og HPNCC (Lynch-syndrom/arvelig tarmkreft).
Kva skjer om du seier ja til å delta?
Du må svare på eit spørjeskjema. Vidare vil det bli tatt blodprøve, celleprøve og spyttprøve.
Kva skjer med informasjonen vi samlar inn?
Data vi samlar inn og informasjonen som vert registrert, blir oppbevart etter eigne retningslinjer og vil ikkje bli brukt til anna enn det som er hensikta med studien. Resultata blir anonymiserte og kan ikkje bli knytt til den enkelte deltakar etter studieslutt.
Denne informasjonen skal brukast til å utvikla testar slik at ein kan sei kva risiko kvar enkelt kvinne har for å utvikla dei ulike kvinnelige kreftsjukdomane.
Alt helsepersonell involvert i FORECEE har teieplikt.
Vil du delta i studien?
Ønskjer du å delta, eller har du spørsmål knytt til dette prosjektet, kan du ta kontakt med forskingssjukepleiar på Kvinneklinikken:
Grete Augestad - telefon 977 56 614
Fakta om FORECEE
Prosjektet FORECEE er godkjent av etisk komité og mottar støtte frå forskings- og utviklingsprogrammet til EU som heter Horizon 2020.
Prosjektet som vert leia av professor Martin Widschwendter ved University College London, er finansiert med støtte frå Den Europeiske Union (EC’ Horizon 2020 Programme) og The Eve Appeal (eveappeal.org.uk) som er ein engelsk velgjerande organisasjon som arbeidar aktivt med å skaffe pengar til forsking på kvinnelege kreftformer.
Til saman vil 7240 kvinner frå hele Europa delta. I Noreg er det Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus som deltar, og seksjonsoverlege Line Bjørge er ansvarleg for prosjektet.