Vil du hjelpe oss å gjere KK betre?

I haust skal vi opprette Kvinneklinikken sitt brukarråd. Er du engasjert og har ei meining om oss og pasienttilbodet vårt, ønskjer vi at du les vidare!

kollage av to bilder, til venstre Mor og far med barn, kvinne måler blodtrykk
 

​Vi ønskjer kontakt med deg som:

  • har interesse og engasjement for kvinnehelse generelt, men òg spesielt: helsetilbod for gravide, fødande, barselkvinner, gynekologiske kreftpasientar og andre gynekologiske pasientgrupper
  • er eldre enn 20 år
  • er pasient, tidlegare pasient, pårørande, har erfaring frå svangerskap, fødsel eller barseltid, eller er utan eiga erfaring
  • du bør like å delta aktivt i diskusjonar og beherske norsk munnleg?

Som medlem i brukarrådet blir du ei viktig stemme i spørsmål som gjeld  pasienttilbodet vårt, forsking, organisasjonen vår og kvardagen på Kvinneklinikken, i tett samspel med klinikkleiinga. Vi treng at dei som sit i brukarrådet gir oss råd og innspel til korleis Kvinneklinikken sitt helsetilbod skal utformast.
 
Brukarrådet vårt vil bestå av fem til åtte personar som møtest ein til to gonger per halvår. I tillegg vil du saman med ein annan brukarrepresentant få tildelt enkeltoppgåver etter kvart som det er aktuelt. Møta vil som hovudregel vere om ettermiddagane, etter vanleg arbeidstid. Som brukarrepresentant vil du få honorar etter gjeldande satsar i Helse Bergen og representantane vil bli valde for to år.
 
Får dette hjartet ditt til å banke ekstra engasjert?
Då vil vi svært gjerne at du skriv nokre ord til oss om kven du er og kvifor dette er noko du kan tenkje deg å hjelpe oss med. Send ein kort tekst til prosjektleiar martha.svarstad.vadset@helse-bergen.no innan 1. september.
 
Første møtet er planlagt i september, så alle som melder seg får ei tilbakemelding over sommaren.
 
Beste helsing frå oss i klinikkleiinga på Kvinneklinikken